Scherzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein scherzo er eit musikkstykke med livleg karakter. Ordet scherzo er italiensk og tyder spøk. Den typiske scherzo går i tredelt takt, men unntak finst, mellom anna i Ludwig van Beethovens 18. sonate for piano.

Scherzoen opptrer alt hos Joseph Haydn som tredje sats i symfoniar og kvartettar i staden for den rolege menuetten, men det var Beethoven og Franz Schubert som først brukte scherzoer i stor grad.

Av og til finn ein òg scherzoer som enkeltståande stykke, mellom anna hos Felix Mendelssohn og Frédéric Chopin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]