Schilthorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°33′26″N 7°50′07″E
Schilthorn
fjell
none  Toppen av Schilthorn og Jungfrau i bakgrunnen
Toppen av Schilthorn og Jungfrau i bakgrunnen
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Region Berner Oberland
Fjellkjede Bern-Alpane
høgd 2 970 moh
skardhøgd 358 m ↓  mot Finsteraarhorn
koordinatar 46°33′26″N 7°50′07″E
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Schilthorn er eit 2 970 meter høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits, oppfor Mürren.

Frå toppen kan ein sjå Titlis, Jungfrau, Mönch, Eiger, over Bern-Alpane og Jurafjella opp til Vogesane og Schwarzwald. Mont Blanc er òg så vidt synleg.

Mellomstasjonen til kabelvogna Birg

Det går ei rekkje kabelvogner opp til fjellet får dalbotnen nedanfor. På toppen ligg ein roterande panoramarestaurant kalla Piz Gloria. Her vart mellom anna scenar til James Bond-filmen On Her Majesty's Secret Service filma. Restauranten roterer ein runde på 55 minuttar.

Om vinteren er Schilthorn utgangspunkt for det lengste utforrennet i verda, kalla «Inferno», som vart halde første gongen i 1928.

Om sommaren endar Inferno triathlon på toppen etter eit løp opp frå Lauterbrunnendalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]