Schleswig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Schleswig i Iowa.
Schleswig
none
Symbol
Region Schleswig-Holstein
Distrikt Schleswig-Flensburg
Areal 2 430 km²
Folketal 24 237
Tettleik 997 / km²
Postnummer 24837
Schleswig i Tyskland
Schleswig i Tyskland
Schleswig in SL.PNG
Nettstad: www.schleswig.de

Schleswig (dansk Slesvig, latin Sliaswig, nedertysk Sleswig) er hovudby i landkrinsen Kreis Schleswig-Flensburg (Slesvig-Flensborg) nord i Schleswig-Holstein ved fjorden Schlei (Slien). Fjordnamnet inngår i bynamnet, som kjem av dansk og tyder 'vika ved Slien'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen voks fram på nordsida av fjorden etter at vikinghandelsplassen Hedeby vart oppløyst kring 1050. Byen mista allereie i tidleg i mellomalderen statusen som handelsby til Lübeck. Trass i dette hadde byen høg politisk og religiøs status, som hovudby i regionen Slesvig. Fleire gonger vart det bygd ut forsvarsverk med borg og bymur, seinast med Gottorp Slot, som samstundes var sete for hertugane av hertugdømet Slesvig (Herzogtum Schleswig). Domkyrkja i byen, Schleswiger Dom (Sankt Petri kirke), vart bygd i i tida frå 1100-talet til 1400-talet.

Domkyrkja har frå slutten av 1800-talet hatt det høgaste kyrkjetårnet nord i Tyskland. I og ved kyrkja er det ymse gravmonument og minne om dansk-tysk samband. Kong Niels av Danmark skal vera gravlagd i kyrkja. Det finst eit dansk mindretal i Schleswig, og i byen finst det ymse lag der danskar samlar seg.

Etter den andre slesvigske krigen i 1864 vart styringa av Slesvig teke over av Preussen. Danmark måtte avstå Holstein, Lauenburg og heile hertugdømet Slesvig, slik at den dansk-tyske grensa gjekk ved Kongeå. Etter første verdskrig var det ei folkerøysting i 1920. Etter folkerøystinga vart Nord-Slesvig ein del av Danmark, medan Sør-Slesvig med byen Schleswig vart ein del av Schleswig-Holstein i Tyskland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Schleswig