Schmidtøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schmidtøya.
Plasseringa til Severnaja Zemlja.

Schmidtøya (russisk ostrov Sjmidta) er ei øy i øygruppa Severnaja Zemlja i Karahavet i Russland. Ho ligg heilt nordvest i øygruppa og eit stykke frå dei andre øyane i gruppa. Ho er òg den nordlegaste av øyane og er heilt dekt av eit permanent isdekke, Schmidtbreen.

Øya har eit areal på 467 km². Sidan ho ligg så eksponert til er klimaet her mykje kaldare enn for resten av øygruppa.[1] Øya er kalla opp etter den sovjetiske forskaren og den første leiaren av Sjefsdirektoratet for Nordaustpassasjen, Otto Schmidt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]