School's Out

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
School's Out
Singel av Alice Cooper
frå albumet School's Out
B-side «Gutter Cat»
Utgjeve 1972
Sjanger Hardrock, heavy metal[1], stoner rock
Lengd 3:34
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Alice Cooper, Michael Bruce, Glen Buxton, Dennis Dunaway, Neal Smith
Produsent Bob Ezrin
Alice Cooper-kronologi
«Be My Lover»
(1972)
School's Out «Elected»
(1972)

«School's Out» er ein song frå 1972 av Alice Cooper og tittelsporet på det femte albumet deira.

Cooper sa at det som inspirerte han til å skrive songen var då han svarte på spørsmålet «Kva er dei største tre minutta i livet ditt?». Cooper sa: «Det er to gonger i året. Ein er julemorgonen når ein gjer seg klar til å opne gåvene. Grådigheitsfaktoren er der då. Den andre er dei siste tre minuttar på den siste skuledagen når du sit der og det er ei som ei langsam lunte som brenn. Eg sa, 'Om eg kan fange dei tre minutta i ein song, så kjem til å bli stort.»

Cooper sa òg at han var inspirert frå ei linje frå ein Bowery Boys-film.

Teksten indikerer at ikkje berre er skulen ferdig for sommaren, men ferdig for alltid, og at sjølve skulen er sprengt i lufta. Han inneheld barneregla «No more pencils, no more books, no more teachers' dirty looks».

«School's Out» vart den første store hitten til Alice Cooper og nådde 7. plass på Billboard Hot 100 i USA og dreiv albumet opp til andreplassen på Billboard 200. I Canada nådde singelen 3. plass[2] medan albumet gjekk heilt til topps.[3] I Storbritannia gjekk singelen heilt til topps i tre veker i august 1972.

I 2004 vart «School's Out» rangert på 319. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. I 2009 vart han kåra til den 35. beste hardrocksongen av VH1[4].

Song i populærmedia[endre | endre wikiteksten]

Songen er nytta i filmane Scream, Dazed and Confused, Rock 'n' Roll High School og I Love You, Beth Cooper.

Ein versjon av songen er spelbar i videospelet Guitar Hero III: Legends of Rock. Han er òg tilgjengeleg i Guitar Hero 5 og Rock Band 2.

Cooper framførte songen under avslutningsnummer i episoden hans The Muppet Show, der han dansar med store Muppet-monster som dansar til songen hans.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt av mellom andre Daphne & Celeste, GWAR, 45 Grave, Anthrax, Toyah, Grave Digger, Cretu and Thiers, The Sensational Alex Harvey Band, Demons and Wizards, Kirka, Krokus, Soul Asylum, Sevendust, The Last Hard Men, Mr. Bumpy, A*Teens, Rob Zombie og Slash, , Jay Anderson Band, Emily Estefan, The Donnas, Alien Sex Fiend, Foo Fighters og Ke$ha.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
USA 7[5]
Canada 3[2]
Tyskland 5[6]
Storbritannia 1[7]
Austerrike 12[8]
Noreg 6[9]
Irland 2[10]
Nederland 9[11]
Australia 22[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


327:
 «Take Me Out» 
Franz Ferdinand
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
326

Alice Cooper – «School's Out»

325:
 «Many Rivers to Cross» 
Jimmy Cliff