School Days

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
School Days
Singel av Chuck Berry
B-side «Deep Feeling»
Utgjeve 1957
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:40
Selskap Chess 1653
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Leonard og Phil Chess
Chuck Berry-kronologi
«You Can't Catch Me»
(1956)
School Days «Oh Baby Doll»
(1957)

«School Days» (òg kjend som «School Day (Ring! Ring! Goes The Bell)») er ein rock and roll-song skriven av Chuck Berry og gjeve ut på singel av han i 1957. Det er ein av dei best kjende songane hans. Songen dukka seinare opp som første song på det første albumet hans, After School Session.

Songstrukturen er ein grunnleggande 12-taktsblues med ein rock and roll-takt. Den elektriske gitaren imiterer vokallinja med ein takts forseinking. Teksten skildrar ein vanleg, kjedeleg skuledag og lykka studenten føler ved å danse på den lokale juke jointen etter skulen.

Siste verset inneheld tekstlinja «Hail, hail rock og roll / Deliver me from the days of old.» Den første linja her vart tittelen på ein dokumentar- og konsertfilm om Berry i 1987.

Songen vart nytta under rulleteksten på Neil Young sin konsert film Rust Never Sleeps .

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

Av dei mange artistane som har spelt songen finn ein AC/DC, for det andre albumet deira, T.N.T., men opphavleg berre i Australia, Gary Glitter, The Beach Boys, Ann Rabson og Lil Rob.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]