Schreckhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schreckhorn
fjell
Schreckhorn sett frå nord
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 4 078 moh.
Primærfaktor 785 m ↓  mot Finsteraarhorn
Koordinatar 46°35′23.9″N 8°07′05.3″E / 46.589972°N 8.118139°E / 46.589972; 8.118139
Førstestiging Leslie Stephen
 - dato 16. august 1861
Kart
Schreckhorn
46°35′24″N 8°07′05″E / 46.58993°N 8.11816°E / 46.58993; 8.11816
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Schreckhorn

Schreckhorn er eit 4 078 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Bern. Av fjelltoppane i Sveits som er over 4 000 m er Schreckhorn den som ligg lengst mot nord.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Schreckhorn ligg 10 km søraust for Grindelwald, mellom Øvre Grindelwaldbreen og Nedre Grindelwaldbreen. Området elles består av folketomme bredalar med dei store Aargletscher og Fieschergletscher. Toppen av det nær jamhøge Lauteraarhorn ligg tett attmed Schreckhorn. Høgste fjelltoppen i Bern-Alpane, Finsteraarhorn ligg 10 km lenger sør. Berggrunnen er den same på Schreckhorn som i Aar-massivet.

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Fyrste bestiginga av Schreckhorn fann stad den 16. august 1861. Briten Leslie Stephen saman med Ulrich Kaufmann, Christian Michel og Peter Michel klatra ei rute via den øvste Schreck-renna til Schrecksattel og deretter opp søraustegga. Dette var normalruta dei neste femti åra, i dag vert ho sjeldan nytta.

Schreckhorn sett frå Faulhorn

Fleire fjellturistar og klatrelag hadde tidlegare prøvd å kome til topps. Best kjende er forsøket som den sveitsiske naturforskaren Joseph Hugi gjorde i 1828 (Hugisattel på Schrekhorn er oppkalla etter han), og den klatreturen som den sveitsiske geologen Pierre Desor la ut på med sine fjellførarar i 1842. Ved eit mistak kleiv klatregruppa ein mindre fjelltopp ved Lauteraarhorn.

Nordvestegga vart klatra fyrste gongen 7. august 1883 av John Stafford Anderson, George Percival Baker, og fjellførarane Ulrich Almer og Aloys Pollinger.

Fyrste oppstiginga over sørvest-egga, dagens normalrute på Schreckhorn, vart føreteken 26. juli 1902 av John Wicks, Edward Branby og Claude Wilson. Dei bestemte seg for å klive den svært bratte egga utan hjelp av lokale fjellførarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]