Schwerin

Koordinatar: 53°38′0″N 11°25′0″E / 53.63333°N 11.41667°E / 53.63333; 11.41667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schwerin
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Schwerin
Schwerin is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Mecklenburg-Vorpommern
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

130,46 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

96 280
  788/km²
Koordinatar 53°38′0″N 11°25′0″E / 53.63333°N 11.41667°E / 53.63333; 11.41667
Høgd over havet 38 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 19053, 19055, 19057, 19059, 19061, 19063
Telefon-retningsnummer 0385
Bilnummer SN
Heimeside: www.schwerin.de

Schwerin er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 95 000 innbyggjarar. Han ligg ved breidda av Schweriner See.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Schwerin er omgjeve av mange naturskjønne innsjøar. Den største av desse er Schweriner See med eit areal på 60 km². Midt i dette innsjøområdet slo obotrittarar seg ned her på 1000-talet. Området vart kalla Zuarin og namnet på Schwerin har sitt opphav i dette. I 1160 slo Henrik Løve obotrittarane og erobra Schwerin. Byen vart så erobra til eit mektig senter i regionen. Eit slott vart bygd og gjennom hundreåra utvida. Eit spøkelse kalla Petermänchen skal visstnok gå igjen i slottet.

Schweriner Schloss (parlamentet i Mecklenburg-Vorpommern)

I 1358 vart Schwerin ein del av Hertugdømet Mecklenburg, og var eit sete for hertugane her. Rundt 1500 byrja ein å byggje Schweriner Schloss, der hertugane heldt til. Etter delinga av Mecklenburg i 1621 vart Schwerin hovudstad i Hertugdømet Mecklenburg-Schwerin. Mellom 1765 og 1837 var byen Ludwigslust hovudstaden, før Schwerin etter kvart fekk denne oppgåva tilbake.

I 1918 og under den tyske revolusjonen då alle tyske monarki vart nedlagd, abdiserte storhertugen. Schwerin vart så hovudstad i delstaten Mecklenburg-Vorpommern.

Mot slutten av den andre verdskrigen, 2. mai 1945, kom amerikanske troppar til byen. Han vart gjeven til britane ein månad seinare, og i juli 1945 til sovjetiske styrkar. Schwerin låg så i den sovjetiske okkupasjonssonen som nokre år seinare vart Aust-Tyskland. Opphavleg var han hovudstad i den austtyske delstaten Vorpommern, men desse delstatane vart oppløyst i 1952, og byen vart hovudstad i distriktet Bezirk Schwerin.

Etter gjenforeininga i 1990 vart delstaten Mecklenburg-Vorpommern oppretta. Rostock var ein seriøs kandidat som delstatshovudstad, men valet fall til slutt på den tidlegare hovudstaden Schwerin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]