Schweriner See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schweriner See
Schweriner See -
Schweriner See -
Stad Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland
Koordinatar 53°38′N 11°28′EKoordinatar: 53°38′N 11°28′E
Utsig Wallensteingraben, Störkanal
Største lengde 21 km
Største breidde 6 km
Overflateareal 64 km²
Middeldjupne 12,8 m
Største djupne 52,4 m
Høgd over havet 37 m
Busetnadar Schwerin, Bad Kleinen

Schweriner See er ein innsjø i Mecklenburg-Vorpommern nord i Tyskland mellom byane Schwerin og Wismar. Han har ei lengd på 21 km og er 6 km brei, har ei overflate på om lag 64 km² og er 52 meter på det djupaste. Med det er han den nest største innsjøen i Nord-Tyskland og den fjerde største i heile landet. Innsjøen ligg 37 meter over havet.

Vatnet i Schweriner See renn i sør ut gjennom Störkanal til elva Elde og vidare til Elbe, og i nord ut gjennom Wallensteingraben.

Den største byen ved innsjøen er Schwerin i sørvest. Sør for innsjøen ligg ein zoologisk hage, som òg heiter Schwerin.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Schweriner See