Science fiction

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Science fiction er ein kunstsjanger, særleg i litteratur, film, biletkunst og teater, som set handlinga til ei tenkt verd der teknologien og/eller samfunnet skil seg frå den verkelege verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Føregjengarar[endre | endre wikiteksten]

Jonathan Swift, føregjengar til science fiction-litteraturen med Gullivers reiser i 1726.

Den eigentlege sjangeren Science Fiction kunne først oppstå som følgje av utviklinga i vitskap og teknikk. I alle kulturar har det vore sagaer, eventyr og fantastiske forteljingar. Med desse som bakgrunn oppstod det i Europa ein ny litteratursjanger. Etter at teleskopet vart oppfunne og jorda sin måne vart oppdaga, vart det raskt gjort fantastiske skildringar om å reise til månen og til andre utenomjordiske sivilisasjonar:

I det 19. århundret finst det element frå science fiction til dømes hjå Edgar Allan Poe, Nathaniel Hawthorne, Fitz-James O'Brien og E.T.A. Hoffmann.

Tidlege verk[endre | endre wikiteksten]

Mary Shelley, 1840, rekna som science fiction sin grunnleggar.

På slutten av det 19. århundret oppstod den eigentlege science fiction som sjanger.

Dei mest kjente representantane er:

I USA vart science fiction i hovudsak presentert som korte historier. Det mest kjente SF-magasin på denne tida var Amazing Stories, utgjeven av Hugo Gernsback. Med plakatliknande framsider (ofte ekle monster og halvnakne, hjelpelause kvinner) gjorde at det helt fram til i dag har vore vanskeleg for sjangeren å bli godteken som seriøs kunst.

USA sin gylne alder[endre | endre wikiteksten]

SF fekk auka status då John W. Campbell, Jr. vart utgjevar av Astounding Science Fiction. Han gav ut noveller av forfattarar som Isaac Asimov, Arthur C. Clarke, Robert Heinlein som seinare vart verdskjende. Sjangeren har framleis sterk påverknad frå amerikanske forfattarar frå denne tida.

Ei rekke forfattarar som ikkje normalt skreiv science fiction prøvde seg på denne sjangeren og gjorde den meir anerkjend: Karel Čapek, Aldous Huxley, Clive Staples Lewis, Ray Bradbury, Kurt Vonnegut, George Orwell, Gore Vidal.

Science fiction i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Norsk-dansken Ludvig Holberg sin roman Niels Klims underjordiske reise frå1741 vert at mange rekna for å vere verdas første science fiction-roman. I Noreg som andre steder i Europa var det ikkje særleg interesse for science fiction før midten av 60-talet, og då først og fremst blant ei lita gruppe ved Universitetet i Oslo. Våren 1965 vart studentane sin science fiction klubb, Aniara stifta i Oslo. To personar møtte kvarandre på dette stiftingsmøtet, Jon Bing og Tor Åge Bringsværd. Desse to personane skulle vise seg å bli svært sentrale innan norsk science fiction. Bing og Bringsværd greidde det kunststykke å lansere science fiction for det allmenne norske publikumet på slutten av 60-talet og starten av 70-talet. Dei fekk gjeve ut ein rikt utstyrt og mykje omtala antologi på tre band på Den norske Bokklubben (Østenfor sol, Vestenfor måne og Stella Polaris). Dei heldt fram med lange temaprogram om science fiction i beste sendetid på laurdagskvelden i NRK TV. Desse programma omfatta òg dramatiseringar av klassiske noveller. Dei debuterte som dramatikarar på Det Norske Teateret med eit science fiction skodespel, Å miste et romskip. Dei tok òg initiativet til ei rekke oversettingar i Gyldendals Lanterneserie. Denne billegbokserien lanserte òg nye, norske forfattarar som t.d. Ingar Knudtsen og Åsmund Forfang. I ein kort periode var interessa for science fiction merkbar blant litteraturinteresserte nordmenn, men det heile dabba av utover 1970-talet.

Bing og Bringsværd har vore produktive som forfattarar av noveller, romanar, høyrespel og TV-seriar innan SF-sjangeren - saman og kvar for seg. Utover dette er det gjeve ut lite norsk science fiction. Heidarlege unnatak er t.d. Øyvind Myhre, Ingar Knudtsen og Dag Ove Johansen. Desse tre forfattarane har alle større forfattarskap bak seg, og deler bakgrunnen i SF-magasinet Nova på 1970-talet.

Ein del forfattarar har gjeve ut nokre få lovande bøker utan å drive det til noko større, i de fleste høve novellesamlingar med både science fiction og annan fantastisk litteratur. Her kan nemnast Trond Buland, Einar Gjærevold, Reidar Jensen, Erik Braathen. Nokre andre forfattarar med meir eller mindre uttalt interesse for science fiction har òg hatt gjestespel innan sjangeren, t.d. Axel Jensen, Elin Brodin eller Eirik Austey (Tron Øgrim).

Norske science fiction-forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende science fiction-filmar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]