Scolt Head Island

Koordinatar: 52°58′56″N 0°42′24″E / 52.9822°N 0.7066°E / 52.9822; 0.7066
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Scolt Head Island er ei barriereøy nær Brancaster, nord i Norfolk i England, 10 km vest for Wells-next-the-Sea. Ho er eit naturreservat og veks sakte, men sikkert vestover mot vraket av «SS Vina».

Øya består av sanddyner, marskland, mudderflater og grus. Mange fugleartart, som er viktige i Storbritannia, hekkar her, som splitterne, rosenterne, raudnebbterne og dvergterne, samt overvintrande vadefuglar og fuglevilt.

Om sommaren går det båt til øya frå landsbyen Burnham Overy Staithe.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Scolt Head Island» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Steers, J.A. (Ed). (1934). Scolt Head Island. The story of its origin: the plant og animal life of the dunes og marshes. W. Heffer & Sons Ltd: Cambridge, for the Norfolk & Norwich Naturalists' Society.

52°58′56″N 0°42′24″E / 52.9822°N 0.7066°E / 52.9822; 0.7066