Scotland Yard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudkvarteret til New Scotland Yard.

New Scotland Yard, ofte kalla Scotland Yard eller The Yard, er hovudkvarteret til Metropolitan Police Service, som er politietaten for Stor-London. Hovudkvarteret ligg på Broadway i Westminster.

Namnet stammar frå hovudkvarteret si opphavlege plassering i ei gate kalla Great Scotland Yard.

Scotland Yard var eitt av dei første moderne politivesena i verda, og blei grunnlagd av den britiske innanriksministeren Robert Peel i 1829.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.