Scott-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Amundsen-Scott-stasjonen.
Scott-basen
stasjon
Flyfoto ved Scott-basen på Ross Island i Antarktis
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 77°51′S 166°45′E / 77.850°S 166.750°E / -77.850; 166.750
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Scott-basen
77°51′S 166°45′E / 77.85°S 166.75°E / -77.85; 166.75
Scott-basen is located in Antarktis
Scott-basen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Scott Base

Scott-basen er eit forskingsanlegg som ligg i Antarktis og vert drive av New Zealand. Basen vart kalla opp etter kaptein Robert Falcon Scott i Royal Navy, leiaren for to britiske ekspedisjonar til Rosshavet i Antarktis. Basen ligg på Ross Island nær Mount Erebus i Ross Dependency, og vart opphavleg oppretta som eit senter for feltforsking i geovitskapar, men det vert i dag drive mykje forskjellige felt.

Flyfoto av Scott-basen mot Observation Hill

Historie[endre | endre wikiteksten]

Scott-basen vart opphavleg bygd for å støtte den britiske Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (TAE). Tre observatørar frå New Zealand vart med for å finne ein eigna stad for ein base og dei valde McMurdo Sound med hjelp frå USA under Operasjon Deep Freeze I sommaren 1955. Etter ei evaulering av mogelege stader, valde dei ein stad nær Butter Point. Dette vart seinare flytta til Pram Point sidan det var lettare å losse forsyningar frå ekspedisjonsskipet HMNZS «Endeavour» i tillegg til at ein knytte nytte isen som rullebane. Basen ligg oppom Haskell Strait. Scott-basen gjekk over til dei newzealandske styresmaktene via Department of Scientific and Industrial Research (DSIR) 5. mars 1958, då TAE var over.

I løpet av det internasjonale geofysiske året fungerte ikkje anlegget til USA ved Hut Point som vitskapleg base. Denne oppgåva gjekk til Scott-basen, som fekk i oppdrag å samle inn vitskaplege data (polarlys, ionosfæren, seismikk mm.) og knytte forskingsaktivitetane i McMurdo-området til aktivitetane ved den amerikanske polstasjonen og den felles amerikanske og newzealandske stasjon ved Cape Hallett i Victoria Land.

I 1958, då det internasjonale året var over, valde New Zealand å halde fram drifta av Scott-basen for å drive forsking. For å oppretthalde operasjonane, starta ei ombygging av basen i 1976. I 2005 vart basen igjen utvida og dekka då 1800 kvadratmeter.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Basen har eit typisk klima for kysten av Antarktis, med ein minimumstemperatur kring −45 °C og maksimumstemperaturar som stundom stig over null grader. Han er utsett for kraftige, sørlege snøstormar, men alt i alt er det mindre vindfullt her enn på McMurdo-basen. Det høgaste vindkastet som er målt her var på 185 km/h med middelvindar under snøstormar på 95–115 km/h. Varmerekorden på stasjonen er 6,0 °C og kulderekorden er −57 °C, medan middeltemperaturen er −19,6 °C. [1]

Klima på Scott-basen
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maksimumstemperatur (°C) −1,2 −7,9 −15,8 −18,6 −20,0 −20,1 −22,3 −23,0 −22,0 −16,0 −7,3 −1,5 −14,6
Månadsmiddeltemperatur (°C) −4,5 −11,4 −20,5 −24,0 −25,6 −26,0 −28,3 −29,7 −28,1 −21,3 −11,4 −4,8 −19,6
Normal minimumstempeatur (°C) −7,9 −15,1 −25,1 −29,4 −31,1 −31,9 −34,4 −36,4 −34,2 −26,7 −15,5 −8,2 −24,7
Normal relative råme (%) 76,0 71,1 69,0 68,8 69,8 69,3 67,3 64,6 66,7 66,2 69,4 74,3 69,5

Kjelde: National Institute of Water and Atmospheric Research

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]