Scott Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scott Coast is located in Antarktis
Scott Coast
Scott Coast (Antarktis)

Scott Coast (76°30′S 162°30′EKoordinatar: 76°30′S 162°30′E) er den delen av kysten av Victoria Land som ligg mellom Cape Washington og Minna Bluff. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) i 1961 etter kaptein Robert Falcon Scott i Royal Navy, leiar av «Discovery»-ekspedisjonen (1901–04) og den britiske antarktiskekspedisjonen (1910-13), der han mista livet på veg attende frå Sørpolen. Mykje av den tidlege utforskinga av denne kystlinja vart gjort av Scott og mannskapet hans, og mange stader i regionen vart namngjeven av han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scott Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).