Scott LaFaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rocco Scott LaFaro (3. april 19366. juli 1961) var ein innovativ jazzbassist som trass i ein kort karriere er ein av dei mest retningsgivande bassistane i jazzhistoria.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Han voks opp i ein italienskætta, musikalsk familie – faren spelte i fleire storband. I grunnskoletida lærte Scott LaFaro å spele klaver, noko seinare klarinett, før han skifta til tenorsaksofon. Kontrabass starta han på sommaren før han skulle ta til med eit collegestudium i musikk fordi det var eit krav at musikklærarar spelte eit strengeinstrument. Etter tre månader på colleget bestemte han seg for å konsentrere innsatsen om bassen.

LaFaro slutta i college for å spele i Buddy Morrows Big Band. Etter ein turné over heile USA forlet han bandet i Los Angeles for å prøve lykka der. Snart hadde han mange engasjement og fekk ry som ein av dei beste yngre bassistane. Etter å ha hatt spelejobbar med Chet Baker, Percy Heath, Victor Feldman, Stan Kenton og Benny Goodman blei han medlem av Bill Evans trio. På same tid samarbeidde han med Ornette Coleman.

LaFaro døydde i ei bilulukke i Flint ved Geneva, New York to dagar etter at han hadde spelt med Stan GetzNewport-festivalen og ti dagar etter ei vegvisande innspeling med Bill Evans som seinare blei publisert som Sunday at the Village Vanguard og Waltz for Debby.

Scott LaFaro si store betydning i jazzhistoria fekk han framfor alt gjennom arbeidet i Bill Evans Trio. Samanlikna med den tradisjonelle klassiske walking bassen spelte han vesentleg friare, nærmast ei form for kontrapunkt[1] til Bill Evans sitt klaverspel.

LaFaro spelte med ein virtuos teknikk, han gav seg gjerne ut på lange soli i det øvre registeret til bassen og spelte ofte motmelodiar i staden for dei vanlege walking bass-linjene.[2]

LaFaro, Bill Evans og trommisen Paul Motian gav triosepelet ei ny retning der instrumenta blei meir likeberettiga i staden for den tradisjonelle «pianist med bass- og trommekomp», som for eksempel Erroll Garner praktiserte. Bassisten Dave Holland hevdar at LaFaro sitt spel utgjorde ei fjerde melodistemme i ein kvartett.[3] LaFaro blei òg ein målestokk for bassistgenerasjonen etter han når det gjeld teknikk.

Referansar, fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kontrapunkt skal her ikkje forståast som det barokke/klassiske omgrepet kontrapunkt, men heller at bassen skapar ein melodisk og rytmisk utviding av klaverspelet. I den engelske litteraturen om LaFaro og Evans blir òg omgrep som counter melody, counter theme, counter line, counter figure, og liknande brukt for å beskrive fenomenet.
  2. Omsett frå «LaFaro played with virtuosic technique, often soaring up to the upper register of the bass for long solos, and often opting to play countermelody instead of a traditional walking bass line.» frå Christopher Meeder: Jazz - The basics, Routledge, New York, 2008, side 203 og 204; online på Google Book Search
  3. Dave Holland: "The bass has become something like the fourth melody voice in the quartet. Wasn't Scott LaFaro the major reason for that?"; sitert i Joachim Ernst Berendt: The Jazz Book - From Ragtime to Fusion and beyond, Lawrence Hill Books, 1982, side 261

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Helene Lafaro-Fernandez: Jade Music - the life and music of Scott LaFaro, University of North Texas Press 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]