Scullin monolith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 67°47′S 66°42′E
Scullin monolith
klippe
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 67°47′S 66°42′E
Administrert under Antarktistraktaten
Scullin monolith is located in Antarktis
Scullin monolith (Antarktis)

Scullin Monolith er ein halvmåneforma klippe i sjøen 6 km vest for Torlyn Mountain i Mac. Robertson Land. Tidleg i januar 1930 flydde British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) under Douglas Mawson over området. Mawson landa på klippa den 13. februar 1931 og namngav han etter James Scullin, statsminister i Australia i 1929 - 31,[1] Klippa vart kartlagt i januar og februar 1931 av norske kvalfangarar som utforska denne kysten og kalla det «Mount Klarius Mikkelsen» etter kaptein Klarius Mikkelsen, som var kaptein på kvalbåten «Torlyn». Mikkelsen Peak er framleis nytta om det høgaste punktet i klippene.

Sidan klippa ikkje er dekka av snø eller is, er det ein viktig hekkestad for fuglar, særleg petrellar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Antarktis Gazetteer: Scullin Monolith». Australian Antarctic Division. http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/display_name.cfm?gaz_id=1319. Henta 14. oktober 2012. 
  2. «Scullin Monolith: Topography and bird distribution». Australian Antarctic Division. http://data.aad.gov.au/aadc/mapcat/display_map.cfm?map_id=13162. Henta 14. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scullin monolith» (innhald frå Geographic Names Information System).