Scuol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scuol
Scuol 09.jpg
Kommunevåpenet til Scuol
Kommunevåpenet til Scuol


Plassering
Scuol is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Inn
Språk retoromansk, tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

144,14 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

2 376
  16,5 /km²
Koordinatar 46°48′0″N 10°17′0″EKoordinatar: 46°48′0″N 10°17′0″E
Høgd over havet 1290 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7550
Nettstad: www.scuol.ch

Scuol (av latinsk; scopulus: klippe) er ein kommune i distriktet Inn i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 2 376 innbyggjarar (2010) og eit areal på 144 km². Kommunesenteret ligg 1290 meter over havet.

Scuol i Unterengadin

Det offisielle språket er retoromansk, slik det er i heile området Unterengadin, men befolkninga snakkar også sveitsartysk.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Heile sørsida mot Piz Champatsch er ein del av skiområdet Motta Naluns med totalt 80 km med løyper og 12 heisar, noko som gjer det til eit av dei største skiområda i Sveits.[1]

Kommunen er hovudstad i Inn og høyrer til Suot Tasna kreis. Han er ein kjend kurstad og feriestad og eit handelssenter i Unterengadindalen. Han er den største landsbyen på venstresida av elva Inn. Han består av landsbyen Scuol med delar av Pradella og dan gamle gruvelandsbyen S-charl.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Unterengadin er kjent for sitt solrike klima og er mellom de turraste områda i heile alperegionen. Hovudmengda av nedbøren kjem om sommaren, mens februar er den turraste månaden. Området har lite fønvind, så det er jamnast ein del snø om vinteren.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Den seingotiske kyrkja St. Georg er frå 1516. Bydelen Scuol Sot har gamle og velhaldne bustadhus.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Scuol er austleg endestasjon på den engandinske delen av Rhätische Bahn, eit smalspora jarnbanenett i Graubünden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skiområdet Scuol, Sveits

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Scuol