Sde Trumot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sde Trumot
moshav
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°26′24.71″N 35°29′9.59″E / 32.4401972°N 35.4859972°E / 32.4401972; 35.4859972
Folketal 433 (2015)
Kart
Sde Trumot
32°26′25″N 35°29′10″E / 32.440197222222°N 35.485997222222°E / 32.440197222222; 35.485997222222
Wikimedia Commons: Sdei Trumot

Sde Trumot (hebraisk שְׂדֵי תְרוּמוֹת) er ein moshav i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han ligg kring 7 km sør for Beit She'an og hovudveg 90 passerer gjennom. Han ligg i Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.

Han vart grunnlagd i 1951 av jødiske emigrantar til Israel frå Irak og Kurdistan som ein del av rørsla Hapoel Hamizrachi.

Namnet «Sde Trumot» er basert på klaginga til David for Saul og Jonathan som vart drepne i ein krig mot filistrane på det nærliggande Gilboafjellet. Klaginga er nedskrive i det første kapittelet av 2. Samuelsbok. Orda «Sde Trumot» tyder «offermarkene».

Moshaven er ein av fire moshavar i «Bikurah»-blokka. Dei andre er Revaya, Rechov og Tel Teomim, som alle ligg i nærleiken.

Dei første innbyggjarar arbeidde med jordbruk og kvegdrift. I dag driv somme av dei moderne jordbruk med drivhus og andre teknologiar.

Den 19. juni 2003 førte eit sjølvmordsåtak i moshaven til at butikkeigaren Avner Mordechai vart drepen.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]