Seaforth Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seaforth Island
Lokalt namn: Eilean Shìophoirt/Mulag
Geografi
Seaforth Island is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°0′ N 6°26′ WKoordinatar: 58°0′ N 6°26′ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 2,73 km²
Høgaste punkt 217 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Demografi
Folketal 0

Seaforth Island (skotsk-gælisk Eilean Shìphoirt/Shìophoirt eller Mulag) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland. I motsetnad til andre øyar i Ytre Hebridane, som hovudsakleg ligg mot ope hav, ligg Seaforth Island i fjorden Loch Seaforth, 8 km frå ope farvatn ved the Minch. Av dei to gæliske namna på øya, kjem det eine frå norrønt, som skildrar den geografiske plasseringa til øya, og det andre frå Francis MacKenzie, Lord Seaforth, som arva øya i 1783.[1]

Øya har skrinn jord som berre kan nyttast som beitemark.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur ikkje øya har vore busett i tidlegare tider, men fjordområdet har likevel vore ein del av ein grensestrid på 1800-talet. I 1851 vart dette løyst på uvanleg vis ved å la heile øya høyre til både Ross and Cromarty og Inverness-shire. Slik var grensa fram til grevskapa vart omorganiserte i 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.