Seagrove Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grusstranda i Seagrove Bay
Seagrove Bay frå Horestone Point

Seagrove Bay er ei bukt på nordaustkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg aust for landsbyen Seaview. Ho vender austover mot Selsey Bill og har ei 1 km lang kystlinje. Ho strekkjer seg frå Nettlestone Point i nord til Horestone Point i sør.

Om lag midt i bukta ligg ei offentleg bedding. Sør for beddinga ligg eit betongdike som verna kystlinja, eigedomane og nausta. I tillegg ligg det fire 30 meter store bølgjebrytarar av stein ut frå dika. Stranda mellom bølgjebrytarane består hovudsakleg av sand, men er heilt under vatn ved flo sjø.

Heilt sør i bukta ligg ein gangveg av tre, slik at ein kan gå frå bukta til Horestone Point og Priory Bay sjølv ved flo. Nord for beddinga ligg ei rett grusstrand. Her er planlagt fleire kystvern.

Havbotn er sandete og langgrunn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]