Sean Lennon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sean Lennon

Fødd9. oktober 1975 (48 år)
FødestadWeill Cornell Medical Center
OpphavUSA
Aktiv1987–
Sjangerrock, avant-garde-musikk, eksperimentell musikk, Psykedelisk musikk
Instrumentgitar, vokal, piano, bassgitar, trommesett, synthesizer, Omnichord
PlateselskapCapitol Records, Grand Royal
Verka somsongar, komponist, lyrikar, skodespelar, gitarist, pianist, manusforfattar, songar-låtskrivar
MorYoko Ono
FarJohn Lennon
Sambuar medKemp Muhl

Sean Taro Ono Lennon (fødd 9. oktober 1975 i New York i USA) er ein amerikansk musikar og komponist. Han er kjend som Sean Lennon, og var det einaste barnet til John Lennon og Yoko Ono.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sean Lennon var det einaste barnet til Lennon og Yoko, og blei fødd på faren sin 35-årsdag. Han er halvbror til Julian Lennon og Kyoko Chan Cox. Far og son hadde eit nært forhold, og Lennon passa på sonen til han blei drepen i desember 1980. John Lennon dediserte fleire songar til Sean, blant dei mest kjende er «Beautiful Boy» frå albumet Double Fantasy.

Sjølv om han mista faren som femåring, hadde Sean Lennon elles ein priviligert oppvekst. Elton John var gudfaren hans, medan Steve Jobs gav han ein av dei første Macintosh-maskinane som gåve i 1984. Lennon gjekk i barnehage i Tokyo og var elev ved privatskulane Ethical Culture Fieldston School og Dalton School i New York og kostskulen Institut Le Rosey i Sveits. Han studerte ved Columbia University i tre semester før han slutta for å konsentrera seg om musikkarrieren sin.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sean Lennon opptrer i Asbury Park i New Jersey i 2013.
Sean Lennon med kjærasten Charlotte Kemp Muhl og Irina Lăzăreanu, ein modell og songar han har vore produsent for.

Lennon fekk ein tidleg start innan musikken. Som femåring fortalde han ei historie på mora sitt album Season of Glass (1981). Lennon fortsette å bidra til mora sine verk gjennom barndommen, og blei kreditert som produsent på soloalbuma hennar It's Alright (I See Rainbows), Starpeace og Onobox. Som sekstenåring skreiv Lennon songen «All I Ever Wanted» saman med Lenny Kravitz, som kom ut på albumet Mama Said (1991). I 1995 hadde Sean Lennon skipa musikkgruppa IMA med Sam Koppelman og Timo Ellis, som akkompagnerte Yoko Ono på albumet Rising. Lennon opptredde også i filmar, som i Michael Jackson sin «Moonwalker» frå 1988 og som tenåring som opplevde visjonar av Escher-verk i Sony sin promo-kortfilm Infinite Escher (1990).

Frå 1996 spelte Lennon med gruppa Cibo Matto, hovudsakleg på bassgitar og dels som songar. Han møtte Adam Yauch (frå Beastie Boys) som overtalte han til å skriva platekontrkat med Grand Royal Records. Solodebutalbumet hans Into the Sun kom ut i 1998. I 1999 gav han ut EP-en Half Horse, Half Musician. Etter ei tid med turnear og eksponering i media trekte han seg tilbake frå rampelyset og dreiv meir som studiomusikar og produsent for ulike musikarar.

I 2006 gav Lennon ut Friendly Fire. Saman med kjærasten Charlotte Kemp Muhl skip han plateselskapet Chimera Music, og byrja skriva filmmusikk i 2009 med musikk til Rosencrantz and Guildenstern Are Undead, regissert av venen Jordan Galland.

Kemp Muhl og Lennon har også skipa eit band, The Ghost of a Saber Tooth Tiger, som først opptredde på Radio City 14. februar 2008. Debutsingelen deira «Jardin Du Luxembourg» kom ut 6. juli 2010 og debutalbumet Ghost of a Saber Tooth Tiger (Acoustic Sessions) kom ut 26. oktober 2010. Lennon har også samarbeida med Kemp Muhl for ei ny gruppe, Kemp and Eden, som debuterte våren 2012.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Into the Sun (1998)
  • Half Horse, Half Musician (EP 1999)
  • Friendly Fire (2006)

Med Albert Hammond, Jr.[endre | endre wikiteksten]

  • Yours to Keep (2006)
  • ¿Cómo Te Llama? (2008)

Med Cibo Matto[endre | endre wikiteksten]

  • Super Relax (1997)
  • Stereo * Type A (1999)

Med The Ghost of a Saber Tooth Tiger[endre | endre wikiteksten]

  • Acoustic Sessions (2010)
  • La Carotte Bleue (2011)
  • Midnight Sun (2014)

Med Yoko Ono/Plastic Ono Band[endre | endre wikiteksten]

  • Rising (1995)
  • Blueprint for a Sunrise (2001)
  • Don't Stop Me! EP (2009)
  • Between My Head and the Sky (2009)
  • The Flaming Lips 2011 EP: The Flaming Lips with Yoko Ono/Plastic Ono Band (2011)

Med Mystical Weapons[endre | endre wikiteksten]

  • «Mystical Weapons» (2012)

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Produsent[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liang, Ursula (March 11, 2008). «Now Screening | Mariacarla Boscono in "The Stranger"». The New York Times. Henta May 23, 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]