Sebastiano del Piombo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sebastiano del Piombo

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1485
Venezia
Død

21. juni 1547 (62 år)
Roma

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett, religiøst maleri, historiemåleri, figurmåleri
Sebastiano del Piombo på Commons

Sebastiano del Piombo, opphavleg Sebastiano Luciani, (148521. juni 1547) var ein italiensk målar av religiøse motiv og portrett, særleg kjend for si evne til å karakterisere motivet. Han vart utnemnd til paven sin seglbevarar, og fekk tilnamnet del Piombo. Sebastiano del Piombo vert rekna til den venetianske stilretninga.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Dotter til Herodias'
'Adonis død', 1512

Sebastiano var fyrst lærling av Giovanni Bellini, og seinare Giorgione. Særleg fann han inspirasjon til sine tidlege måleri i verk av Giorgione. Nokre av desse tidlege måleria er så like Giorgione sine at dei har vorte rekna til nettopp Giorgione. Eit av dei fyrste storverka hans er altartavla i Johannes Døyparen-kyrkja i heimbyen Venezia.

Rundt 1510 reiste Sebastiano til Roma. I 1511 deltok han i utsmykkings-arbeida på Villa Farnesina, eit oppdrag som vart leia av Baldassare Peruzzi. Der arbeidde han saman med, mellom andre, Rafael. Ved sidan av ei rad måleri laga han fleire freskar.

Seinare vart han ein venn og etterfylgjar til Michelangelo, som bidrog med skisser til nokre av måleria hans, mellom anna Kristi pisking (ca 1519) i San Pietro in Montorio-kyrkja på Janiculum i Roma. Han vart sterkt påverka av Michelangelo sine arbeid, noko som ein ser i verk som Oppvekkinga av Lasarus, Den heilage Agatas martyrdød, samt eit Pietà. Seinare i livet kom dei to i krangel om Michelangelo sitt verk Dommedag, og dei vart aldri sidan forlikt.

Dei seine verka til Sebastiano del Piombo representerer ei bru mellom den venetianske skulen og den romerske høgrenessansen. Sebastiano måla portrett av fleire kardinalar, og av Kristoffer Columbus og dogen Andrea Doria. Portretta hans har fått mykje skryt for fargen og for karakteriseringa.

Sebastiano del Piombo døydde i Roma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sebastiano del Piombo