Secchiskive
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei secchiskive er ei kvit eller kvit/svart metallskive som vert nytta til å avgjere siktedjupna i vatnet. Skiva kan vere sirkulær eller rektangulær. Han vart første gang nytta av Pietro Angelo Secchi i 1865, og er seinare nytta i limnologiske og oseanografiske studiar.
Disken vert montert på ein påle eller ei line og langsamt søkt ned i vatnet. Djupna der disken ikkje lenger er synleg vert rekna som eit mål på sikta i vatnet. Dette målet vert òg kalla secchidjupna og er knytt til turbiditeten til vatnet.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Secchiskive»