Secret Love av Doris Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Secret Love
Singel av Doris Day
frå albumet Calamity Jane
Utgjeve 9. oktober 1953[1]
Innspelt 1953
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 3:41
Selskap Columbia 40108
Låtskrivar(ar) Sammy Fain og Paul Francis Webster
Secret Love
Singel av Freddy Fender
frå albumet Are You Ready for Freddy?
Utgjeve September 1975
Innspelt 1975
Sjanger Country
Lengd 3:38
Selskap ABC-Dot Records 17585
Produsent Huey Meaux
Freddy Fender-kronologi
«Wasted Days and Wasted Nights»
(1975)
Secret Love «You'll Lose a Good Thing»
(1976)

«Secret Love» er ein popsong skriven i 1953 med musikk av Sammy Fain og tekst av Paul Francis Webster.[2] Han vart først framført i filmen Calamity Jane av Doris Day.[2] Han fekk Oscarprisen for beste song.[2] Doris Day spelte òg inn songen på plate og denne nådde toppen av både Billboard- og Cash Box-lista i 1954. Ein populær versjon av Slim Whitman nådde òg andreplassen på Billboardlista. Songen vart spelt inn 5. august 1953.[1] Innspelinga vart gjeven ut av Columbia Records med katalognummer 40108.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Moonglows spelte inn ein R&B-versjon for Chance Records i januar 1954, som vart gjeve ut i februar 1954.

Andy Williams gav ut ein versjon i 1962 på albumet Danny Boy and Other Songs I Love to Sing.

Connie Francis spelte inn songen den 27. april 1962 i RCA Italiana Studios i Roma for albumet hennar Connie Francis sings Award Winning Motion Picture Hits. Den originale versjonen frå april 1962 med arrangement av Geoff Love var berre tilgjengeleg i Australia (MGM Records S027592) og New Zealand (MGM Records MCS 5017). Alle andre versjonar av albumet inneheldt ein versjon der orkesteret var nyinnspelg i april 1963 med arrangement av Don Costa.

I 1963 spelte Kathy Kirby ein livleg versjon av «Secret Love», og gav han ut i oktober 1963 som singel, med musikalsk rettleiing av Charles Blackwell, Jimmy Page på gitar og produksjon av Peter Sullivan. Kirby nådde fjerdeplassen på den britiske singellista i desember det året. «Secret Love» vart òg ein hit i Australia med ein andreplass.[2]

The Chiffons-versjonen av «Secret Love», spelt inn for Bright Tunes Productions i 1965, og gjeve ut i 1969 på B.T. Puppy Records med ei internasjonal utgjeving på forskjellige selskap i 1970.

Kim Weston og Marvin Gaye spelte inn «Secret Love» i 1966 for albumet Take Two.

Mellom 1972 og 1974 vart songen spelt inn av den Singapore-baserte songarinna Ervinna, akkompagnert av Charlie & His Boys på albumet Golden Hits Of 20th Century Vol. 4 med White Cloud Record for Singapore.

Freddy Fender spelte inn «Secret Love» i 1975 i ein tospråkleg versjon som gjekk til topps på Billboard Hot Country-lista og 21. plass på Billboard Hot 100. Fender-versjonen var ikkje første gongen han vart spelt inn som ein countrylåt. Slim Whitman hadde hatt ein stor hit med ein countryversjon av songen i 1954.

Mandy Moore spelte songen på filmmusikken til Mona Lisa Smile. Doris Day-versjonen var den som vart nytta i filmen.

Spike Jones spelte inn ein versjon av songen i ein cubansk mambostil frå 1950-åra.

Han har òg vorte spelt av José Hoebee, ein nederlandsk popsongar (medlem av jentegruppa Luv'), som nådde 11. plass på den nederlandske singellista hausten 1982.

Liquid Gold laga ein discoversjon av «Secret Love» i 1979 på albumet deira med same namn. Viola Wills spelte òg inn ein discoversjon av «Secret Love» som kom ut i 1980.

Anne Murray spelte inn ein versjon for albumet hennar Croonin' (1993).

Hannah Waddingham framførte ein versjon i 2011-utgåva av Agatha Christie's Marple: The Mirror Crack'd from Side to Side for britiske ITV1-

John Serry sr. arrangert og spelte inn denne songen med ensemblet sitt på Dot Records (DLP-3024) for albumet Squeeze Play i 1956.

Cerys Matthews spelte ein versjon for Children's Hospice-albumet Over the Rainbow.

Allan Sherman laga ein munter parodi kalla «Secret Code» for albumet My Name is Allan i 1965.

Engelbert Humperdinck spelte inn songen i 1995 (Engelbert Live, DVD 2003).

k.d. lang spelte inn songen, som vart spelt under rulleteksten til dokumentaren The Celluloid Closet (1995).

Lord Tanamo spelte songen live og sidan i studio i lag med Tommy McCook i 1997.

Soulsongaren Billy Stewart nådde Topp 30 med songen på Billboard-lista i 1966 med ein vill versjon.

Sinéad O'Connor spelte inn ein versjon for albumet Am I Not Your Girl? i 192.

George Michael spelte inn ein versjon av songen i 1999 for albumet Songs from the Last Century.

R&B/jazz-songaren Miki Howard spelte inn ein versjon i 2008 for albumet Private Collection.

I 2010 spelte den australske songaren Melinda Schneider inn songen for hyllstalbumet hennar til Doris Day, Melinda Does Doris.

Connie Fisher-albumet frå 2009 vart kalla Secret Love og tittelsporet var hennar utgåve av songen.

Cybill Shepherd spelte songen i 1999 på albumet Songs from the Cybill Show, som ho song i situasjonskomedien Cybill.[4]

Anacani spelte ein konserversjon av songen for Lawrence Welk-showet i 1970-åra.

Lister (Kathy Kirby-versjonen)[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
UK Singles Chart[5] 3
Danmark[6] 4
Hong Kong[6] 8
New Zealand[7] 4
Australia[8] 3
Irland[9] 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Liner notes, Golden Girl: The Columbia Recordings 1944-66 compilation
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 135. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  4. Cybill: Songs from the Cybill Show. «Cybill: Songs from the Cybill Show: Cybill Shepherd: Music». Amazon.com. http://www.amazon.com/Cybill-Songs-Show-Shepherd/dp/B00000JFHP. Henta 16. september 2013. 
  5. Nielsen Business Media, Inc. (December 28, 1963). Billboard. Nielsen Business Media, Inc.. s. 16. ISSN 00062510. 
  6. 6,0 6,1 Nielsen Business Media, Inc. (March 14, 1964). Billboard. Nielsen Business Media, Inc.. s. 31. ISSN 00062510. 
  7. Nielsen Business Media, Inc. (March 21, 1964). Billboard. Nielsen Business Media, Inc.. s. 32. ISSN 00062510. 
  8. Nielsen Business Media, Inc. (January 11, 1964). Billboard. Nielsen Business Media, Inc.. s. 30. ISSN 00062510. 
  9. Nielsen Business Media, Inc. (December 21, 1963). Billboard. Nielsen Business Media, Inc.. s. 20. ISSN 00062510. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]