See Emily Play

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
See Emily Play
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Piper at the Gates of Dawn (amerikansk utgåve)
B-side

«The Scarecrow»

Språk engelsk
Innspelt 21. mai 1967
Studio Sound Techniques i London
Sjanger
Lengd 2:53
Selskap Columbia (EMI) (UK)
Tower/Capitol (US)
Komponist Syd Barrett
Tekstforfattar Syd Barrett
Låtskrivar(ar) Syd Barrett
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
«Arnold Layne»
(1967)
See Emily Play «Flaming»
(1967)


«See Emily Play» var den andre singelen til det engelske rockebandet Pink Floyd. Han vart skriven av den opphavlege frontmannen Syd Barrett og spelt inn 23. mai 1967. Som B-side har singelen «Scarecrow». Songen finst òg på samleplatene Relics (1971), Works (1983), Shine On (1992), Echoes: The Best of Pink Floyd (2001) og The Piper at the Gates of Dawn 40th Anniversary Edition (2007). Songen er på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rockehistoria.

Struktur og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«There is no other day
Let's try it another way
You'll lose your mind and play
Free games for may
See Emily play»

Syd Barrett (1967)

Songen omhandla visstnok ei jente som heitte Emily, som Barrett hevda han såg då han sov ute i skogen etter å ha teke psykedelisk dop. Barrett hevda seinare at soga om at han sov i skogen og såg jenta før seg var oppdikta «... for publisiteten sin del». I følgje A Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey av Nicholas Schaffner er Emily den høgvelborne Emily Young (f. 13. mars 1951), dotter til Wayland Hilton Young, 2nd Baron Kennet, med kallenamn «den psykedeliske skulejenta» på UFO Club. Ein artikkel i Mojo kalla «See the Real Emily» syner visstnok eit bilete av Barrett si Emily.

Barrett var visstnok ikkje nøgd med den endelege studioutgåva. Han protesterte mot at dei skulle gje songen ut på singel, noko produsenten Norman Smith meinte kunne kome av at Barrett var redd for kommersialisme. Det var under innspelinga av songen at David Gilmour kom oftare på besøk til studio, og sjølv om han vart invitert av Barrett, var han sjokkert over kor mykje personlegdomen til Barrett hadde endra seg då Barrett ikkje såg ut til å kjenne han att. I mange år har Gilmour sagt: «Det var då han endra seg».

Detaljane kring innspelinga er innhylla i mystikk sidan papirarbeidet manglar i arkivet til EMI. Lydteknikar Jeff Jarrett hugsar at songen vart spelt inn i ei mykje lenger utgåve og så redigert ned for singelen. Det var nytta mange studioteknikkar under innspelinga, som å køyre lydbanda baklengs, bruke mykje ekko og klang, og den første pianobrua mellom det første refrenget og det andre verset vart spelt inn i langsamt tempo og så gjort raskare for den endelege masteren. Den originale masterteipen vart sletta eller arkivert på feil stad. Han finst ikkje lenger og har aldri vorte miksa i stereo. Han vart reprosessesert for ein falsk stereomiks for samleplata Relics i 1971.

Det er sagt at slidegitaren på songen vart gjort av Barrett ved hjelp av ein Zippo-lighter. Songen vart berre spelt på konsertane til bandet nokre få månader og vart spelt siste gong 25. november 1967 i Blackpool.

Delar av vokalmelodien vart spelt på ein Mini Moog heilt mot slutten av «Shine On You Crazy Diamond (Parts VI-IX)» mot slutten av Wish You Were Here, som ei hyllest til Barrett.

Fjernsynsframføringar[endre | endre wikiteksten]

Top Of The Pops, BBCTV, Juli 1967
Pink Floyd framførte songen tre gonger på Top Of The Pops på BBC TV. Kvar gong skulle dei mime til singelen og Syd Barrett song stundom songen live. BBC sletta derimot alle opptaka. Seint i 2009 vart ein dårleg heimevideo funnen av British Film Institute med to av showa som songen vart framført på. Den første framføringa var 6. juli, med Alan Freeman som vert. Dei kom attende veka etter, den 13. juli, med Pete Murray som vert. Den siste gongen var 28. juli 1967, igjen med Alan Freeman som vert. Barrett møtte ikkje opp på øvinga ved BBC Television Centre. Dette fekk managerane Peter Jenner og Andrew King til å leite desperat etter Syd. Dei fann han til slutt og bar han med seg til BBC.

Beat Club, Radio Bremen August 1967 - kansellert
Bandet vart hyrt inn til å spele på Beat Club. Barrett hadde blitt råka av «nervøs utmatting» og managerane valde å gje bandet ein månad lang pause i håp om at helsa hans skulle kome seg. Derfor vart denne framføringa kansellert.

Belgisk TV, februar 1968
I 1968 reiste Pink Floyd til Belgia der dei filma ein fjernsynsspesial kalla «Pink Floid» der dei synte promofilmen for «See Emily Play», samt «Astronomy Domine», «The Scarecrow», «Apples and Oranges», «Paint Box», «Set The Controls For The Heart Of The Sun» og «Corporal Clegg». Dette var første gong David Gilmour spelte med bandet på fjernsyn. Syd Barrett var framleis teknisk sett medlem av bandet, men bandet hadde nyleg bestemt seg for å ikkje plukke han opp til konsertane eller slike show. Derfor er det Gilmour, Roger Waters og Rick Wright som mimar til Barrett sin vokal.

EP[endre | endre wikiteksten]

Ein EP med songen vart gjeven ut i Spania i 1967 på La Voz De Su Amo. Alle songane var skrivne av Syd Barrett.[5]

  1. «See Emily Play» - 2:48
  2. «Scarecrow» - 2:05
  3. «Arnold Layne» - 2:50
  4. «Candy and a Currant Bun» - 2:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar
Teknisk

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pink Floyd Bio Artist». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. juni 2018. Henta 23. september 2017. 
  2. Miller, Chuck (August 2001). Warman's American Records. Krause Publications. s. 130. ISBN 978-0873492591. [daud lenkje]
  3. Schaffner, Nicholas (2005). Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 65. ISBN 1-905139-09-8. 
  4. «The Piper at the Gates of Dawn (3-CD Deluxe Edition)». Allmusic.com. 
  5. https://www.discogs.com/Pink-Floyd-See-Emily-Play/release/4616060

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]