Sega Saturn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sega Saturn

Øvst: Modell 1 nordamerikansk konsoll
med handkontroll
Nedst: Modell 2 japansk konsoll
med handkontroll
ProdusentSega
TypeSpelkonsoll
LanseringJP: 22. november 1994
NA: 11. mai 1995
EU: 8. juli 1995
Einingar selde9,26 millionar
ForgjengarMega Drive
EtterfølgjarDreamcast

Sega Saturn er ein spelkonsoll, utvikla av Sega og oppfølgjaren til Mega Drive. Han vart lansert 22. november 1994 i Japan, 11. mai 1995 i Nord-Amerika og 8. juli 1995 i Europa. Konsollen har ein dobbel CPU med 32-bit-arkitektur og åtte prosessorar. Spela til Saturn er i CD-ROM-format, til skilnad frå forgjengaren der spela vart leverte på spelekassettar.

Utviklinga av Saturn byrja i 1992, same året som Sega lanserte arkademaskinen 3D Model 1. Konsollen vart designa rundt ein ny CPU frå det japanske elektronikkfirmaet Hitachi, og fekk inkorporert ein ekstra VDP (video display processor) tidleg i 1994 for å kunne konkurrere betre med den komande PlayStation frå Sony.[1]

Saturn var opphavleg ein suksess i Japan, men greidde ikkje å selje i store kvantum i Vesten. I USA miste Sega raskt store delar av marknaden etter at Nintendo 64 debuterte der i slutten av 1996. Salet av Saturn vart avvikla i Nord-Amerika og Europa i 1998. Saturn selde 9,26 millionar eksemplar globalt og er sett på som eit kommersielt mistak. Ein faktor som medverka til dei skuffande salstala kan vere at Sega ikkje greidde å gje ut eit nytt spel i Sonic the Hedgehog-serien til konsollen, kjent i utviklingsfasen som Sonic X-treme.[2]

Saturn fekk fleire verdsette spel i løpet av tida på marknaden, som Nights into Dreams, Panzer Dragoon-serien og Virtua Fighter-serien, men har eit blanda ettermæle på grunn av ein kompleks design av maskinvaren og svak støtte frå tredjepartar. Oppfølgjaren til konsollen, Dreamcast, vart lansert november 1998 i Japan og i slutten av 1999 i Nord-Amerika og Europa. Avgjerda om å avvikle Saturn i 1998 førte til at den vestlege marknaden var heilt utan nye Sega-spel i over eitt år, noko som medverka til at Sega gjekk med eit økonomisk underskot i 1999.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NG Hardware: Saturn (Januar 1995). «Sega has spent the last nine months or so playing catch-up with Sony after a publisher-friend tipped Sega off about the power of PlayStation.». Next Generation 1 (1): 44–45. 
  2. «Sonic fans release long lost tech demo of unfinished Saturn game». Eurogamer. Henta 18. august 2018. 
  3. «Sega Corporation Annual Report 2000» (PDF). Sega Corporation. Henta 18. august 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sega Saturn