Seglarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seglarar


Tårnseglarar Apus apus Foto: Tomasz Kuran
Tårnseglarar Apus apus
Foto: Tomasz Kuran

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Apodiformes
Familie: Apodidae

Seglarar er ein familie Apodidae av insektetande fuglar som er særs godt tilpassa eit liv i lufta. Dette er små, straumlinjeforma fuglar, ca. 9 til 25 cm med gjennomgåande mørk fjørdrakt. Det finst ca. 100 artar fordelt på 19 slekter spreidd i alle tropiske til tempererte område.

Det vitskaplege namnet kjem frå gammalgresk απους, apous som tyder 'utan føter'.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gaffelseglar, Apus pacificus
Foto: Flickr-brukar: Ozma

Dei fleste artane har svart eller mørkebrun fjørdrakt. Somme artar har lysare parti på strupe som gråseglar og undergump. Alpeseglar har kvitt magefelt. Kjønna er like.

Seglarar er av dei mest spesialiserte fuglar og best tilpassa liv i lufta. Dei beitar insekt og edderkoppar, tar opp vatn, pleier fjøra, parar seg og kan sove i lufta. Seglarane har «klamrefot», det vil seie at alle 4 tær peikar framover. Dei vil aldri setje seg ned på bakken eller på ei grein, men kan klamre seg til grove vertikale flater.

Storleiken varierer frå dvergsalangan (Collocalia troglodytes), som veg 5,4 gram og måler 9 cm i lengd, til glansseglar (Hirundapus celebensis), på 184 g og 25 cm. Større artar, for eksempel pigghaleseglar, er blant dei raskaste flygarar i dyreriket. Jamvel tårnseglar (Apus apus) kan beite i 20 til 50 km/t og er i stand til å nå 60 meter per sekund (over 200 km/t) i korte strekk. Det er estimert at ein tårnseglar kan flyge ein årleg distanse på 200 000 km. Ei gruppe, grotteseglarar, (salangarar og slekta Schoutedenapus) har utvikla ei form for ekkolokalisering for å navigere i mørke grotter på veg til kvileplassar. Det er nyleg oppdaga at ein art, papuasalangan, (Aerodramus papuensis) også nyttar slik navigasjon utanfor hola om natta.

Mange av artane har ein karakteristisk profil i flukt, med ein kort kløfta stjert og særs lange sigdforma venger. Fluktbiletet hos somme artar har særeigne blaffrande rørsler som er mykje ulike dei hos svalene. Tilsynelatande kan seglarar likne svaler, men seglarar har ikkje nært slektskap til sporvefuglar i det heile. Seglarar er plassert i ordenen Apodiformes, som dei deler med kolibriar og treseglarar. Treseglarar er nærast relatert til seglarar, men finst i sin eigen familie Hemiprocnidae. Likskapen mellom seglarar og svaler skyldast konvergerande evolusjon som reflekterer liknande levemåte basert på å beite insekt i lufta.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Reir av mange artar er limt med spytt til ei vertikal overflate med spytt, og salangarar, slekta Aerodramus, nyttar berre spyttstoffet. Dette er basis for svalereirsuppe. Andre seglarar byggjer reir av materiale som dei snappar i lufta. Egga blir klekt etter 19 til 23 dagar, og ungane forlèt reiret etter ytterlegare seks til åtte veker. Begge foreldra hjelper til med mating av ungane.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Seglarar har ein verdsomspennande distribusjon i tropiske til tempererte område, men som svalene i tempererte område er dei sterkt avhengige av å migrere til tropane om vinteren. Nokre artar kan overleve i korte periodar med kaldt vêr ved å gå inn i ein dvaleliknande tilstand.

Berre 3 av dei ca. 100 artane av seglarar er vanlege i Europa. Tårnseglar finst nord til og med Skandinavia og Finland med nordgrense i Noreg omtrent i Salten. Gråseglar og Alpeseglar er sett i Noreg, men er vanlege i Sør-Europa. Småseglar er sjeldan i Sør-Europa.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Seglarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Underfamilie Cypseloidinae

Slekt Cypseloides

  • Svartseglar, Cypseloides niger, Black Swift, LC, Gmelin, 1789
  • Kvitbrystseglar, Cypseloides lemosi, White-chested Swift, LC, Eisenmann & Lehmann, 1963
  • Saltaseglar, Cypseloides rothschildi, Rothschild's Swift, NT, Zimmer, 1945
  • Sotseglar, Cypseloides fumigatus, Sooty Swift, LC, Streubel, 1848
  • Mestisseglar, Cypseloides storeri, White-fronted Swift, DD, Navarro, Peterson, Escalante & Benitez D., 1992
  • Bleikhakeseglar, Cypseloides cryptus, White-chinned Swift, LC, Zimmer, 1945
  • Kvitflekkseglar, Cypseloides cherriei, Spot-fronted Swift, DD, Ridgway, 1893
  • Fosseseglar, Cypseloides senex, Great Dusky Swift, LC, Temminck, 1826

Slekt Streptoprocne

  • Raudhalsseglar, Streptoprocne rutila, Chestnut-collared Swift, LC, Vieillot, 1817
  • Tepuiseglar, Streptoprocne phelpsi, Tepui Swift, LC, Collins, 1972
  • Halsbandseglar, Streptoprocne zonaris, White-collared Swift, LC, Shaw, 1796
  • Kvitnakkeseglar, Streptoprocne semicollaris, White-naped Swift, LC, Saussure, 1859
  • Skjoldseglar, Streptoprocne biscutata, Biscutate Swift, LC, Sclater, 1865
Underfamilie Apodinae

Slekt Mearnsia

  • Kvitvengseglar, Mearnsia picina, Philippine Needletail, NT, Tweeddale, 1879
  • Papuaseglar, Mearnsia novaeguineae, Papuan Needletail, LC, D'Albertis & Salvadori, 1879

Slekt Zoonavena

  • Madagaskarseglar, Zoonavena grandidieri, Malagasy Spinetail, LC, Verreaux, 1867
  • Saotoméseglar, Zoonavena thomensis, Sao Tome Spinetail, LC, Hartert, 1900
  • Hinduseglar, Zoonavena sylvatica, White-rumped Needletail, LC, Tickell, 1846

Slekt Telacanthura

  • Baobabseglar, Telacanthura ussheri, Mottled Spinetail, LC, Sharpe, 1870
  • Jungelseglar, Telacanthura melanopygia, Black Spinetail, LC, Chapin, 1915

Slekt Rhaphidura

  • Sølvgumpseglar, Rhaphidura leucopygialis, Silver-rumped Needletail, LC, Blyth, 1849
  • Kvitbukseglar, Rhaphidura sabini, Sabine's Spinetail, LC, Gray, 1829

Slekt Neafrapus

  • Stumpseglar, Neafrapus cassini, Cassin's Spinetail, LC, Sclater, 1863
  • Flaggermusseglar, Neafrapus boehmi, Bat-like Spinetail, LC, Schalow, 1882

Slekt Chaetura

  • Skorsteinsseglar, Chaetura pelagica, Chimney Swift, NT, Linné, 1758
  • Brunseglar, Chaetura vauxi, Vaux's Swift, LC, Townsend, 1839
  • Guyanaseglar, Chaetura chapmani, Chapman's Swift, LC, Hellmayr, 1907
  • manglar norsk namn, Chaetura viridipennis, Amazonian Swift, NR, Cherrie, 1916
  • manglar norsk namn, Chaetura meridionalis, Sick's Swift, LC, Hellmayr, 1907
  • Korthaleseglar, Chaetura brachyura, Short-tailed Swift, LC, Jardine, 1846
  • Kolibriseglar, Chaetura spinicaudus, Band-rumped Swift, LC, Temminck, 1839
  • Røykseglar, Chaetura fumosa, Costa Rican Swift, LC, Salvin, 1870
  • Grågumpseglar, Chaetura cinereiventris, Gray-rumped Swift, LC, Sclater, 1862
  • Selvasseglar, Chaetura egregia, Pale-rumped Swift, LC, Todd, 1916
  • Antillseglar, Chaetura martinica, Lesser Antillean Swift, LC, Hermann, 1783

Slekt Hirundapus

  • Pigghaleseglar, Hirundapus caudacutus, White-throated Needletail, LC, Latham, 1802
  • Sølvryggseglar, Hirundapus cochinchinensis, Silver-backed Needletail, LC, Oustalet, 1878
  • Brunryggseglar, Hirundapus giganteus, Brown-backed Needletail, LC, Temminck, 1825
  • Glansseglar, Hirundapus celebensis, Purple Needletail, LC, Sclater, 1865

Slekt Hydrochous

  • Storsalangan, Hydrochous gigas, Waterfall Swift, NT, Hartert & Butler, 1901

Slekt Collocalia

  • Glanssalangan, Collocalia esculenta, Glossy Swiftlet, LC, Linné, 1758
  • Epidotsalangan, Collocalia linchi, Cave Swiftlet, LC, Horsfield & Moore, 1854
  • Dvergsalangan, Collocalia troglodytes, Pygmy Swiftlet, LC, Gray, 1845

Slekt Aerodramus

  • Seychellsalangan, Aerodramus elaphrus, Seychelles Swiftlet, VU, Oberholser, 1906
  • Maskarenesalangan, Aerodramus francicus, Mascarene Swiftlet, NT, Gmelin, 1789
  • Indiasalangan, Aerodramus unicolor, Indian Swiftlet, LC, Jerdon, 1840
  • manglar norsk namn, Aerodramus sororum, Sulawesi Swiftlet, Stresemann, 1931
  • Wallaceasalangan, Aerodramus infuscatus, Halmahera Swiftlet, LC, Salvadori, 1880
  • manglar norsk namn, Aerodramus ceramensis, Seram Swiftlet, Oort, 1911
  • Filippinarsalangan, Aerodramus mearnsi, Philippine Swiftlet, LC, Oberholser, 1912
  • Bergsalangan, Aerodramus hirundinaceus, Mountain Swiftlet, LC, Stresemann, 1914
  • Melanesiasalangan, Aerodramus spodiopygius, White-rumped Swiftlet, LC, Peale, 1848
  • Australsalangan, Aerodramus terraereginae, Australian Swiftlet, LC, Ramsay, 1875
  • Orientsalangan, Aerodramus brevirostris, Himalayan Swiftlet, LC, Horsfield, 1840
  • Vulkansalangan, Aerodramus vulcanorum, Volcano Swiftlet, NT, Stresemann, 1926
  • Storhovudsalangan, Aerodramus whiteheadi, Whitehead's Swiftlet, DD, Ogilvie-Grant, 1895
  • Nakenbeinsalangan, Aerodramus nuditarsus, Bare-legged Swiftlet, LC, Salomonsen, 1962
  • Enigmasalangan, Aerodramus orientalis, Mayr's Swiftlet, DD, Mayr, 1935
  • Palawansalangan, Aerodramus amelis, Ameline Swiftlet, Oberholser, 1906
  • Monsunsalangan, Aerodramus vanikorensis, Uniform Swiftlet, LC, Quoy & Gaimard, 1830
  • Sundasalangan, Aerodramus salangana, Mossy-nest Swiftlet, LC, Streubel, 1848
  • Palausalangan, Aerodramus pelewensis, Palau Swiftlet, LC, Mayr, 1935
  • Marianesalangan, Aerodramus bartschi, Mariana Swiftlet, EN, Mearns, 1909
  • Karolinesalangan, Aerodramus inquietus, Caroline Islands Swiftlet, LC, Kittlitz, 1858
  • Atiusalangan, Aerodramus sawtelli, Atiu Swiftlet, VU, Holyoak, 1974
  • Tahitisalangan, Aerodramus leucophaeus, Polynesian Swiftlet, LC, Peale, 1848
  • Marquesassalangan, Aerodramus ocistus, Marquesan Swiftlet, LC, Oberholser, 1906
  • Malaysalangan, Aerodramus maximus, Black-nest Swiftlet, LC, Hume, 1878
  • Reirsuppesalangan, Aerodramus fuciphagus, White-nest Swiftlet, LC, Thunberg, 1812
  • Kystsalangan, Aerodramus germani, Germain's Swiftlet, LC, Oustalet, 1876
  • Papuasalangan, Aerodramus papuensis, Papuan Swiftlet, DD, Rand, 1941

Slekt Schoutedenapus

  • Bergseglar, Schoutedenapus myoptilus, Scarce Swift, LC, Salvadori, 1888
  • Kivuseglar, Schoutedenapus schoutedeni, Schouteden's Swift, VU, Prigogine, 1960

Slekt Apus

  • Alpeseglar, Apus melba, Alpine Swift, LC, Linné, 1758
  • Granittseglar, Apus aequatorialis, Mottled Swift, LC, von Müller, 1851
  • Kappverdeseglar, Apus alexandri, Alexander's Swift, LC, Hartert, 1901
  • Tårnseglar, Apus apus, Common Swift, LC, Linné, 1758
  • Kanariseglar, Apus unicolor, Plain Swift, LC, Jardine, 1830
  • Klippeseglar, Apus niansae, Nyanza Swift, LC, Reichenow, 1887
  • Gråseglar, Apus pallidus, Pallid Swift, LC, Shelley, 1855
  • Bekseglar, Apus barbatus, African Swift, LC, Sclater, 1865
  • Somaliseglar, Apus berliozi, Forbes-Watson's Swift, LC, Ripley, 1965
  • Namibseglar, Apus bradfieldi, Bradfield's Swift, LC, Roberts, 1926
  • Gassarseglar, Apus balstoni, Madagascar Swift, LC, Bartlett, 1880
  • Gaffelseglar, Apus pacificus, Pacific Swift, LC, Latham, 1802
  • manglar norsk namn, Apus salimalii, Salim Ali's Swift, Lack, 1958
  • manglar norsk namn, Apus leuconyx, Blyth's Swift, NR, Blyth, 1845
  • manglar norsk namn, Apus cooki, Cook's Swift, NR, Harrington, 1913
  • Khasiseglar, Apus acuticauda, Dark-rumped Swift, VU, Jerdon, 1864
  • Småseglar, Apus affinis, Little Swift, LC, Gray, 1830
  • Husseglar, Apus nipalensis, House Swift, LC, Hodgson, 1836
  • Horusseglar, Apus horus, Horus Swift, LC, Heuglin, 1869
  • Kvitgumpseglar, Apus caffer, White-rumped Swift, LC, Lichtenstein, 1823
  • Kamerunseglar, Apus batesi, Bates's Swift, LC, Sharpe, 1904

Slekt Aeronautes

  • Mesaseglar, Aeronautes saxatalis, White-throated Swift, LC, Woodhouse, 1853
  • Kvittippseglar, Aeronautes montivagus, White-tipped Swift, LC, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837
  • Andesseglar, Aeronautes andecolus, Andean Swift, LC, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837

Slekt Panyptila

  • Småsvaleseglar, Panyptila cayennensis, Lesser Swallow-tailed Swift, LC, Gmelin, 1789
  • Storsvaleseglar, Panyptila sanctihieronymi, Great Swallow-tailed Swift, LC, Salvin, 1863

Slekt Cypsiurus

Slekt Tachornis

  • Karibseglar, Tachornis phoenicobia, Antillean Palm-Swift, LC, Gosse, 1847
  • Zuliaseglar, Tachornis furcata, Pygmy Swift, LC, Sutton, 1928
  • Moricheseglar, Tachornis squamata, Fork-tailed Palm-Swift, LC, Cassin, 1853

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Seglarar