Seglarfuglar
| Seglarfuglar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Apodiformes Peters, 1940 |
|
| Familiar | ||
|
||
Seglarfuglar (Apodiformes) er ein biologisk orden av tre familiar, seglarar, treseglarar og kolibriar med vitskaplege namn Apodidae, Hemiprocnidae og Trochilidae høvesvis. Med nesten 450 identifiserte artar so langt, er dette den mest talrike orden av fuglar etter Passeriformes.
Som det latinske namnet på denne ordenen viser til ( «utan føter» på latinsk), er beina små og har avgrensa funksjon bortsett frå til å kvile på. Føtene er dekt med bar hud i staden for skjel som andre fuglar har. Eit anna felles kjenneteikn er lange venger med kort, kraftfullt overarmsbein, humerus. Evolusjonen av desse vengekjenneteikna har gjeve kolibriar ideelle venger for å 'stille' i lufta.
Dei tre familiane deler andre anatomiske likskapar med kvarandre. Dei deler dessutan likskapar med dei mest sannsynlege slektningane, uglesvalene, spesielt med omsyn til kranium. Uglesvalene er har tilsynelatande konvergerande evolusjon med dei nært slekta natteramnar, Caprimulgiformes, som dannar ein klade Cypselomorphae med Apodiformes.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Apodiformes frå Engelsk Wikipedia .
