Seglvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seglvik
stad
Land  Noreg
Kart
Seglvik
70°12′17″N 21°13′16″E / 70.20472222°N 21.22111111°E / 70.20472222; 21.22111111

Seglvik er ei veglaus bygd i Kvænangen kommune i Finnmark. Bygda ligg på austsida av Kvænangsfjorden, om lag 119 km sjøveg aust-nordaust for Tromsø. Seglvika ligg om lag to km sør for fylkesgrensa mot Finnmark og har kort veg til Lopphavet. Bygda har i dag snøggbåt-samband med kommunesenteret i Kvænangen og med Skjervøy, i tidlegare tider var Seglvika stoppestad for dampskipsruter.[1]

Bygda er i dag bustad for fleire personar, som fiskarar, og verksemda Valhalla Orca Expedition , som driv kvalsafari med spekkhoggarar.[2]

Seglvik har kaianlegg for hurtigbåtar, og driftar dette på vegner av Seglvik og nabobygda Andsnes, som ligg i Loppa kommune. Dette kaianlegget var eit fellesprosjekt mellom Loppa og Kvænangen kommune, då vêrforholdea i Andsnes var for stormfulle vinterstid til at ein kunne skipa eit kaianlegg der.[treng kjelde]

Anders Larsen var frå Seglvik.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Seglvik Vel i Kvænangen kommune
  2. Valhalla Expedition (på engelsk), 28. mars 2014, henta 3. november 2022 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960