Segn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Segn».

Segn er ei nemning på ei stutt forteljing som er overført som munnleg litteratur. Ordet segn heng saman med å segja / å seia.

Ei segn kan vera tid- og stadfest og handla om namngjevne og historiske personar, i motsetnad til eventyr. Forteljinga gjev seg i regelen ut for å vera sanning.

I engelsk blir gamle og gjerne stabiliserte segner kalla legender. Denne språkbruken har smitta over på norsk, men eigentleg burde «legende» reserverast for heilage forteljingar om helgenar og mirakel, slik det også er i tysk.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Segner har gjerne som føremål å forklara ting frå dagleglivet. Dei kan fortelja om overnaturlege hendingar i eldre tid, og skal gjerne tyda ut særskilte ovringar og merkjelege ting i landskapet. Eit døme kan vera korleis ein svær stein har hamna midt ute på ei beitemark. Segner blir òg ofte knytte til legendariske personar, som Muhammed, Olav den heilage, Sankt Peter eller Jomfru Maria.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]