Seikval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seikval

Status i verda: EN Sterkt truga

Seikval
Seikval

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Kvalar
Underorden: Bardekvalar
Familie: Finnkvalfamilien
Slekt: Balaenoptera
Art: B. borealis
Vitskapleg namn
Balaenoptera borealis

Seikval, Balaenoptera borealis, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Han finst i alle verdshava. Seikval vart fanga i britiske og norske farvatn før Den andre verdskrigen, men førekjem no berre sporadisk i norske farvatn. Det finst større bestandar nær Island og Grønland. På den sørlege halvkula vart det fanga store mengder seikval på 1900-talet, særskilt frå 1950-talet av då bestandane av blåkval, finnkval og knølkval var i ferd med å bli borte. Det vart fanga 20 000 seikval på den sørlege halvkula berre i året 1964. Den kommersielle fangsten i sør tok slutt i 1979 og i Nordatlanteren i 1989. Bestanden er no kraftig redusert - Den internasjonale kvalfangstkommisjonen anslo i 1996 10 000 individ sør for 30 grader sør, men talet er svært usikkert.[1] Arten er lett å forveksla med finnkval.[2]

Utbreiingsområdet til seikvalen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Seikval