Seille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den mindre sideelva til Soâne, sjå Seille i Saône-et-Loire
Seille
elv
Seille ved Vic-sur-Seille
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 1 348 km²
Lengd 135 km
Middelvassføring 10,5 /s
Kjelde Azoudange i Moselle
Munning Mosel
Kart
Seille
48°43′29″N 6°47′46″E / 48.7247°N 6.7961°E / 48.7247; 6.7961
Wikimedia Commons: Seille

Seille er ei elv i den franske regionen Lorraine, og ei av sideelvane til Mosel frå høgre. Ho vert òg kalla Seille lorraine eller Grande Seille («Store Seille») for å skilje ho frå elva Seille, ei lita sideelv til Saône.

Ho har sitt utspring nær Azoudange, i départementet Moselle. Elva renn ut frå innsjøen Lindre, og renn i utkanten av landsbyen Dieuze og gjennom Vic-sur-Seille og Nomeny, før ho munnar ut i Mosel ved Metz. Ho er 135 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 348 km². Det meste av elva renn igjennom departementet i Moselle, bortsett frå ein del mellom Aulnois-sur-Seille og Cheminot i Meurthe-et-Moselle. Seille er òg grensa mellom Moselle og Meurthe-et-Moselle frå Chambrey til Aulnois-sur-Seille.

Elveleiet[endre | endre wikiteksten]

Gamle Seille ved Marsal. Denne bielva var tidlegare hovudleiet før ein byrja å kanalisere elva på 1700- og 1800-talet.

Seille har sitt opphav i Pond-regionen, og kryssa så Saulnois, eit område sør i Moselle. Denne delen av elva er ein del av Parc naturel régional de Lorraine. Elva renn inn i ein stor dal, der jorda stort sett består av mergel og leire. Sidan mellomalderen har det vorte gjort arbeid på Seille, delvis for å rette ho opp og gjere ho framkommeleg, og delvis for å tømme nærliggande myrområde.

Det rettlinja elveleiet og mangelen på tre langs breidda gjer at elva er lite interessant i landskapet, og i dag er erosjon av elvebreidda eit problem. I det siste har ein derimot byrja å arbeide med å gjenplante skog langs breidda.

Den øvre delen av Seille har fleire sideelvar, og dei viktigaste er:

  • Spin og Verbach, i Dieuze (høgre side)
  • Ruisseau de Videlange nær Mulcey (høgre)
  • Nard i Marsal (venstre)
  • Petite Seille i Salonnes (høgre)
  • Loutre Noire i Moncel-sur-Seille (venstre)

Den nedre halvdelen av Seille er ikkje like rettlinja, og renn langs grensa til departementet Moselle. Denne delen av elva har relativt få sideelvar:

  • Osson ved Ajoncourt
  • Ruisseau Saint-Jean i Létricourt
  • Ruisseau Saint-Pierre

I Metz munnar Seille ut i Mosel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]