Seimsfoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seimsfoss
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvinnherad
Areal 0,37 km²
Folketal 330  (2023)
Folketettleik 892 / km²
Postnummer 5472 SEIMSFOSS
Kart
Seimsfoss
59°57′59″N 5°59′46″E / 59.96638889°N 5.99611111°E / 59.96638889; 5.99611111

Seimsfoss er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Staden har 330 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg mellom Rosendal og Dimmelsvik ved austsida av Hardangerfjorden. Riksveg 48 går gjennom staden. Frå Seimsfoss går Guddalsdalen innover mot Folgefonna. På Seimsfoss ligg Umoe Schat Harding sitt hovudkontor for produksjon og sal av livbåtar.

I Guddalselva som renn ut ved Seimsfoss er det bygd eit anlegg for å fange laks og aure, både når dei går ut om våren, og når dei seinare kjem att. Dette anlegget er brukt i forsking.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.