Sein krit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sein kritt-tid)
Verdskart frå sein krit.

Sein eller øvre krit er den andre av to epokar i krittida. Han starta for 100 millionar år sidan og enda for 65,5 millionar år sidan.

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Amerika flytta seg gradvis vestover og Atlanterhavet utvida seg.[1] India heldt fram nordver mot Asia.[1] På den sørlege halvkula sat Australia og Antarktis framleis saman og byrje å drive bort frå Afrika og Sør-Amerika.[1] Europe var på denne tida ei øygruppe[1] og på nokre av desse øyane fanst endemiske dvergdinosaurar.[1]

Dyrliv[endre | endre wikiteksten]

Dinosaurane dominerte landjorda under sein krit, mellom anna Tyrannosaurus rex, som var den største kjøtetaren på denne tida.[1] Fuglane vart stadig vanlegare og mangfaldige og erstatta etter kvart flygeøglene. Pattedyra vart òg vanlege, men var framleis primitive og små.[1]

I havet dukka brått mosasaurane opp og utvikla seg særs raskt. Moderne haiar og store pliosaurar dukkar òg opp, saman med dei enorme (13 meter lange) elasmosaurane. Desse rovdyra livnærte seg på mange fiskar, som hadde utvikla seg til moderne former.

Masseutryddinga[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Krit-tertiær-utryddinga.

Krit-tertiær-utryddinga var ei stor masseutrydding av dyr og planter i løpet av geologisk kort tid for om lag 65,5 millionar år sidan. Ho vert ofte kalla K-T-utryddinga, og er knytt til eit uvanleg tyng berglag som ein finn over heile jorda. Hendinga markerer slutten på mesozoikum og byrjinga på kenozoikum.[2]

Alle dinosaurar som ikkje utvikla seg til fuglar døydde ut i K-T-utryddinga.[3] I tillegg døydde mange virvellause dyr og planter ut under hendinga. Pattedyr og fuglar klarte seg godt gjennom hendinga.[4]

Forskarar meiner at K-T-utryddinga kan ha vore skapt av ei katastrofal hending som eit massivt asteroidenedslag eller kraftig vulkansk aktivitet. Fleire nedslagskrater og massive vulkanar i Deccan-trappene har vorte datert til om lag same tid som utryddinga fann stad. Desse geologiske hendingane kan ha redusert sollyset så mykje at fotosyntesen vart hindra og den globale økologien vart forstyrra. Andre forskarar meiner at utryddingane skjedde meir gradvis på grunn av endringar i havnivå og klima.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 "Dinosaurs Rule the World: Late Cretaceous Period." In: Dodson, Peter & Britt, Brooks & Carpenter, Kenneth & Forster, Catherine A. & Gillette, David D. & Norell, Mark A. & Olshevsky, George & Parrish, J. Michael & Weishampel, David B. The Age of Dinosaurs. Publications International, LTD. s. 103-104. ISBN 0-7853-0443-6.
  2. Fortey R (1999). Life: A Natural History of the First Four Billion Years of Life on Earth. Vintage. s. 238–260. ISBN 978-0375702617. 
  3. Fastovsky DE, Sheehan PM (2005). «The extinction of the dinosaurs in North America». GSA Today 15 (3): 4–10. doi:10.1130/1052-5173(2005)015<4:TEOTDI>2.0.CO;2. Henta 25. august 2008. 
  4. 4,0 4,1 MacLeod N, Rawson PF, Forey PL, Banner FT, Boudagher-Fadel MK, Bown PR, Burnett JA, Chambers, P, Culver S, Evans SE, Jeffery C, Kaminski MA, Lord AR, Milner AC, Milner AR, Morris N, Owen E, Rosen BR, Smith AB, Taylor PD, Urquhart E, Young JR (1997). «The Cretaceous–Tertiary biotic transition». Journal of the Geological Society 154 (2): 265–292. doi:10.1144/gsjgs.154.2.0265. 
Krit
Tidleg/nedre krit Øvre/sein krit
Berriasium | Valanginium | Hauterivium
Barremium | Aptium | Albium
Cenomanium | Turonium | Coniacium
Santonium | Campanium | Maastrichtium