Seindevon-utryddinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hendingar i devon
sjå • diskuter • endre
-420 —
-415 —
-410 —
-405 —
-400 —
-395 —
-390 —
-385 —
-380 —
-375 —
-370 —
-365 —
-360 —
-355 —
Hangenberg-hendinga
Kellwasser-hendinga[1]
Omfattande[2]
kratt og tre
Isbredanning startar
i Sør-Amerika
Viktigaste hendingar i devon.
Skala: Millionar år sidan

Seindevon-utryddinga var ein av fem store masseutryddingar i jordhistoria. Ho markerte byrjinga på den siste alderen i devon, famennium, for om lag 364 millionar år sidan, då nesten alle fossila av kjevelause fisk brått forsvann. Ei anna stor utrydding enda devontida.

Sjølv om det er klart at det biologiske mangfaldet vart hardt råka mot slutten av devon, er det uklårt kor lenge denne hendinga varte og estimat varierer frå 0,5 til 15 millionar år. Sistnemnde er heile så lenge som heile famennium varte. Det er heller ikkje klart om det er snakk om to tydelege masseutryddingar eller ei rekkje mindre utryddingar over tid, men nyare forsking tyde på mange årsaker og ei rekkje utryddingar med eit interval på om lag tre millionar år.[3] Statistisk analyse indikerer at minken i mangfaldet vart skapt av ein minke i artsdanning enn ein auke av utryddingar.[4]

Oksygenmangel i havbotnen produserte oljerike skifer. Den seindevonske utryddinga påverka hovudsakleg sjølivet og mest dei som levde i varme farvatn. Den viktigaste gruppa som vart utrydda var korallbyggjande organismar som stromatoporoidear. Utryddinga var så total at nye korallrev (bygd av koralldyr som finst i dag) ikkje byrja å dukka opp på stor skala før mesozoikum.

Av gruppene som døydde ut finn ein armføtingar, trilobittar, ammonittar, konodontar og atriarkar, samt kjevelause fiskar og alle panserhaiar. Landplantene, samt ferskvassartane, som våre firbeinte forfedrar, vart lite råka av denne hendinga.

Ein er framleis usikker på kvifor utryddinga oppstod. Det har vore foreslått at det kan ha kome av eit asteroidenedslag, men det er ikkje funne spor etter nedslagskrater frå devon som er store nok til at noko slikt er sannsynleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kaufmann, B., Trapp, E.; Mezger, K. (2004) «The numerical age of the Upper Frasnium(Øvre devon) Kellwasser horizons: A new U-Pb zircon date from Steinbruch Schmidt(Kellerwald, Germany)» – The Journal of geology, bind 112, nr. 4, s. 495-501.
  2. Algeo, T.J. (1998) «Terrestrial-marine teleconnections in the Devontida: links between the evolution of land plants, weathering processes og marine anoxic events» – Philosophical Transactions of the Royal Society B: Biological Sciences, bind 353, nr. 1365, s. 113-130.
  3. Racki, Grzegorz, "Toward understanding of Late Devonian global evants: few answers, many question" GSA Annual meeting, Seattle 2003 (abstract); McGhee 1996.
  4. Mal:Artikkelkjelde =