Sejmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sejmen i åra 17881792, måla ved vedtaket i 1791 av 3. mai-grunnlovaKongeslottet i Warszawa.

Sejmen (polsk Sejm) er underhuset i det polske parlamentet.

Før 1900-talet var Sejmen omgrepet som dekte alle tre kamra i parlamentet, både underhuset, overhuset og kongen. Sidan Den andre polske republikken (1918-1939) har Sejmen vore namnet på underhuset, medan overhuset er kalla Senatet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sejmen i Kongeriket Polen og Den polsk-litauiske unionen[endre | endre wikiteksten]

Makta til dei tidlege sejmane voks, særleg i perioden då Polen vart fragmentert (1146-1295), då makta til kongane veikna og makta til ymse råd og wiec auka. Den fyrste Sejmen vart halden i Łęczyca i 1182. Frå 1493 og utover vart det halde indirekte val annakvart år. Med den særeigne gyldne fridomen i Polen auka makta til Sejmen.

Ordet «sejm» kjem frå eit gamalt polsk ord som skildrar eit møte med folket. Frå 1300-talet kalla kongen saman til Sejmen med ujamne mellomrom (skildra i ulike kjelder som latin contentio generalis, conventio magna, conventio solemna, parlamentum, parlamentum generale, dieta eller polsk sejm walny). Frå 1374 (przywilej koszycki), måtte kongen få løyve av Sejmen til å auke skattane. Stor-Sejmen (polsk Sejm Generalny eller Sejm Walny), vart fyrst kalla saman av kong John I Olbracht i 1493 nær Piotrków. Stor-Sejmen vart sett saman av representantar frå regionale sejmikar, som vart fastsett i Nieszawa-statuttane i 1454. Frå 1493 møtte Stor-Sejmen med ujamne mellomrom, i gjennomsnitt ein gong i året.

Den fyrste Sejmen hadde to kammer:

  • Senatet med 81 biskopar og andre storfolk.
  • Underhuset, med 54 utsendingar (polsk poseł, vald av og representerte sejmikar).

Talet på utsendingar i underhuset auka, og dei fekk større og større makt og privilegium av kongen. Etter Lublin-unionen i 1569, vart Kongeriket Polen og Storfyrstedømet Litauen slegne saman til Tonasjonsrepublikken eller Det polsk-litauiske samveldet, og talet på utsendingar i Sejmen vart auka med utsendingane frå dei litauiske sejmikane.

Sejmen avgrensa kongemakta sterkt. Dei hadde siste ordet i spørsmål om lovgjeving, skattelegging, budsjett, militærspørsmål, utanrikspolitikk og adling. I 1573 vedtok Sejmen religionsfridom i samveldet, noko som gjorde det til ein fristad i dei religiøse stridane etter Reformasjonen.

Fram til Lublin-unionen, vart Sejmen halden nær Piotrkow, i det kongelege slottet i Warszawa. Etter 1673 vart kvar tredje Sejm halden i Grodno i Litauen. Samlinga byrja med ei messe, deretter la kanslaren fram kongen sine innstillingar, og så diskuterte senatorane. Etterpå debatterte kongen og Senatet dei viktigaste sakene (vanlegvis utanrikspolitikk), medan utsendingane til underhuset diskuterte for seg sjølv under leiing av ordføraren for Sejmen. I saker som vart vurderte som særs viktige diskuterte senatet og underhuset saman. Lovgjeving vart lagt fram i underhuset fyrst, med ordskifte og vedtak der. Så forhandla utsendingar frå underhuset med Senatet og monarken (tredjekammeret i Sejmen).

Kongen kunne ikkje utferde lover sjølv utan godkjenning frå Sejmen, dette vart stadfest i szlachta-privilega som nihil novi i 1505. Etter "Nihil Novi"-grunnlova måtte ei lov bli vedteken av alle tre kamra (kongen, senatet og underhuset). Kong Henriks artiklar, stadfest av kvar konge sidan 1573, slo fast at kongen måtte kalle inn til Stor-Sejmen (seks veker) annakvart år, og reglar for Omfram-Sejmen (polsk: sejm ekstraordynaryjny, nadzwyczajny) vart òg stadfeste i denne lova. Omfram-Sejmen kunne kallast saman under nasjonale kriser og kunne vare kortare. Ein Omfram-Sejm som skulle handsame militær mobilisering skulle til dømes ikkje vare lenger enn to veker.

Marszalek sejmu (ordføraren) for Sejmen oppsummerte ordskifta, men han måtte spørje medlemene om oppsummeringa hans var korrekt og samrøystes godteken. Dersom nokon ytra seg i mot (latin contradictio), måtte ordskiftet opnast igjen og heldt fram til motstandarane gav seg.

Fram til 1500-talet var det ikkje naudsynt med samrøystes vedtak, fleirtalsvedtak var mest vanleg. Seinare, då makta til magnatane auka, vart prinsippet om samrøystes vedtak forsterka, med liberum veto (frå latin, tyder: Eg tillét ikkje). For å auke sjansen til samrøystes vedtak vart røystingane utsette til dei var samde. Dette tok gjerne lang tid. Det heldt om ingen ytra seg i mot, det kunne vera ein viss opposisjon så lenge ingen kom med formell motstand. Dersom det gjekk seks veker utan at dei klarde å få slik "passiv" semje, eller forhandlingane med kongen gjekk dårleg, vart alt forkasta. Frå midten av 1600-talet vart det slik at absolutt alle vedtak som var gjorde vart strokne dersom éi utsending sa "liberum votum" i éi sak. Ei seksvekers-samling vart sett på som eitt vedtak, eller ein konstitusjon. Utover 1700-talet gjorde dette at Sejmen for det meste var heilt paralysert og læst, og samveldet kollapsa nesten. Liberum votum vart fjerna i grunnlova av 3. mai 1791.

Mellom 1493 og 1793 vart det halde sejm 240 gonger, og ordskifta gjekk over til saman 44 år.

Uttrykket polsk riksdag er utbreidd i dei skandinaviske språka som ei uttrykk for kaotiske møte som ikkje klarer å samle seg om vedtak. Uttrykket spelar på liberum votum-ordninga i Sejmen.

Etter den endelege delinga av Polen i 1795 mellom Russland, Austerrike-Ungarn og Prøyssen vart Sejmen oppløyst.

Sejmen den Andre polske republikken[endre | endre wikiteksten]

Etter at Polen vart gjenetablert som sjølvstendig stat vart òg Sejmen gjenetablert, denne gong som underhuset i parlamentet.

Sejmen i Folkerepublikken Polen[endre | endre wikiteksten]

I grunnlova til Folkerepublikken Polen vart senatet fjerna, og Sejmen var den einaste lovgjevande forsamlinga.

Sejmen i dagens Polen[endre | endre wikiteksten]

Etter at kommunismen fall i Polen i 1989 vart senatet gjenetablert som eit overhus i ei nasjonalforsamling med to kammer, medan Sejmen er underhuset. I Sejmen er det no 460 utsendingar valt i ålmenne val etter d'Hondts metode fjerdekvart år.

Kvart valdistrikt har mellom 7 og 19 utsendingar, med ei nasjonal sperregrense på 5 % (8 % for registrerte koalisjonar). Kandidatar frå etniske minorietesparti er unnatekne sperregrensa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]