Sekretær i styre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre meiningar av ordet sekretær sjå Sekretær (fleirtyding)

Sekretær i eit styre, for eit lag, ein klubb, ei foreining eller ein organisasjon er den i styret som vanlegvis har ansvaret for å skrive referat frå møta og stå for andre skrivande oppgåver. Dette kan vere innkalling av styret eller medlemmane til møte, brevskriving og all slags skriftleg kontakt med omverda.

I ein del tilfelle vil ein sekretær vere tilsett i organisasjonen, på deltid eller heiltid. Ein sekretær kan i slike tilfelle bli ein sekretær som dagleg leiar. Ein slik sekretær kan i somme tilfelle bli den mektigaste personen i organisasjonen.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.