Sekse Oppvekstsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sekse Oppvekstsenter er ein samanslått barneskule og barnehageSekse i Ullensvang. Barneskulen og barnehagen vart slått saman til oppvekstsenter i 1999. Det er felles uteareale, og det vert lagt opp til fellesskap mellom skuleelevane og barnehageborna.

Skulen har nyleg fått eit tilbygg med SFO-lokale, klasserom for 1. klasse og personalrom.

Barneskulen har i år 56 elevar og 11 tilsette.

Elevane kjem frå området som har Hovland til postadresse, det vil seia frå Børve til Fresvik. Mange er difor avhengige av skuleskyss.

Alle elevane får tilbod om skulemjølk og frukt. Skulen har i tillegg SFO.

Etter fullført 7. klasse reiser elevane frå Sekse Oppvekstsenter til Kinsarvik Skule for å gå på ungdomsskule.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]