Selbjørnsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stolmasundet mellom Selbjørn og Stolmen med Selbjørnsfjorden utanfor. Fitjarøyane ligg på andre sida

Selbjørnsfjorden er ein fjord, eller meir eit breitt sund, mellom Fitjarøya Stord og Fitjarøyane i sør og øyane Stolmen, Selbjørn, som han er kalla opp etter, og Huftarøy i Austevoll i nord. Fjorden strekkjer seg 19 km frå Nordsjøen og austover til Langenuen.

Lengst ute i fjordgapet ligg Håkelbåen midt i innseglinga. Dette er ei grunne der sjøen bryt 6-7 forskjellige stader i uvêr. Lenger inne ligg dei to Eggholmsskjera, det eine av desse eit stykke ut i fjorden. Ei jul i 1890-åra gjekk eit bergensskip på dette skjeret og gjekk ned med alle mann[1].

To ferjesamband kryssar Selbjørnsfjorden, begge frå Sandvikvåg på Fitjar. Det eine går til Husavik på Huftarøy og det andre til Halhjem i Os i Hordaland

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Jacob Aaland (1933) «Bygdeskipnad og Bygdesoga» – i: Fitjar, s. 8-10 – R Søreides Prenteverk, Sandane [Kapittelet er skrive av overlærar B. Sørfonden].