Selective Service System

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selective Service System

Selective Service System (SSS) er ein amerikansk føderal etat som administrerer militære verneplikt i landet, kalla Selective Service («seleksjonsteneste»). Systemet inneberer at alle menn mellom 18 og 26 år må registrere seg hos SSS for å gje styresmaktene oversikt over kven som er tilgjengeleg for teneste om det oppstår ein naudsituasjon.

USA avskaffa verneplikta i 1973, men opprettheld Selective Service som eit høve for å gjeninnføre vernplikt om det skulle bryte ut krig eller forsvaret av andre grunner treng rask utviding. Ei gjeninnføring av verneplikta må bli vedteke av Kongressen i lovform, men Selective Service inneberer at styremaktene snøgt kan gjennomføre innkalling – prinsipielt i form av eit lotteri – om ein slik situasjon skulle oppstå. Sist gang ein hadde verneplikt i USA, under Vietnamkrigen, vart lotteriet utført ved at ein trekte ut datoar, og innkalla dei vernepliktige som var fødd på desse datoane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]