Selenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selenga
Selenga sett frå «Sjamanklippa»
Selenga sett frå «Sjamanklippa»
Utspring Der elvane Ideriin Gol og Delgermörön renn saman.
Munning Bajkalsjøen
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Mongolia Mongolia
Lengd 1024 km
Middelvassføring 310 m³/s
Nedslagsfelt 447 000 km²
Selenga -

Selenga (russisk Селенга) eller Selenge (mongolsk Сэлэнгэ гол, Сэлэнгэ мөрөн) er ei elv i Mongolia og Russland.

Elva startar der elvane Ideriin Gol og Delgermörön renn saman i Mongolia og frå kjelda til Ideriin Gol til munningen i Bajkalsjøen er ho 1024 km lang. Selenga er den største elva som munnar ut i Bajkalsjøen og står for om lag halvparten av tilsiget. Selenga høyrer til nedslagsfeltet til Angara (som renn ut frå Bajkalsjøen) og Jenisej. Nedslagsfeltet til Selenga er på 447 000 km².

Selenga er stort sett ei saktegåande elv og renn gjennom både tronge dalar (opp til 1-2 km brei) og vide dalar (20-25 km brei). Vassføringa er vanlegvis låg om våren og størst om sommaren og hausten. Den middelvassføringa på grensa mellom Mongolia og Russland er 310 m³/s, 127 km frå munninge. Elva frys til frå november til april.

Dei største sideelvane er Egiin Gol og Orkhon i Mongolia og Dzjida, Tsjikoj, Khilok og Uda i Russland.

Elva er framkommeleg for skipsfart opp til byen Sükhbaatar i Mongolia. Andre byar er Ulan-Ude og den urbanliknande busetnaden Selenginsk i Russland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Selenga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]