Selfie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Par tek eit «selfie»-bilde.

«Selfie» eller sjølvi er ein type sjølvportrett fotografert av den som sjølv blir avbilda, typisk med mobiltelefon- eller eit anna digitalkamera. Selfiar er uformelle portrett, tekne med kameraet på armlengds avstand eller i ein spegel, og kan ha fleire deltakarar. Dei blir ofte delte på sosiale nettverk og liknande.

Det norske (særleg nynorske) omgrepet «sjølvi» blei lansert i 2014.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mathile Torsøe, «– No heiter det #sjølvi», Firda.no; «'Sjølvi' med statsministeren» (24. april 2014), nynorskmediesenter.no.