Selja

Koordinatar: 62°02′59″N 05°18′12″E / 62.04972°N 5.30333°E / 62.04972; 5.30333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selja
Geografi
Stad Nordfjord
Koordinatar 62°02′59″N 05°18′12″E / 62.04972°N 5.30333°E / 62.04972; 5.30333

Areal 1,6 km²

Høgaste punkt Varden (201 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 9 (2023)
Folketettleik 3,1 /km²

Selja er ei øy i Stad kommune i Vestland. Øya ligg i Sildegapet sør for Stad og har eit areal på 1,6 km². Det bur om lag 9 fastbuande på øya. Alle bustadhusa er i dag på sørsida av øya. På sørsida ligg også tuftene etter kyrkja som stod på Selja før ho vart flytta til Selje og seinare til LeikangerStad.

St. Sunniva kloster ligg på nordsida av øya. I følgje segna dreiv den heilage Sunniva i land på Selja på slutten av 900-talet. Klosterruinane og grotta der Sunniva visstnok døydde er i dag eit populært turistmål.

Staden er kjent frå mellomalderen som «Seljumannshamn», på nederlandsk og engelsk «Salmanshaven»,[1][2][3][a][4][b] eit namn som finst på mange kart og i historiske dokument. Namnet kjem av «dei sæle (kristne) mennene» som soga seier døydde saman med Sankta Sunniva. [c][5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mercator sin nullmeridian var i bruk i 1682, denne gjekk ved Fuerteventura (14°1'V), då blir 62N 19A Refviksanden på Vågsøy. Jf. Prime meridian på Engelsk Wikipedia.
  2. Anders Kvernberg står bak Redditkontoen Pisseguri82, sjå https://www.nrk.no/kultur/norsk-bibliotekar-oppdaget-svaert-sjeldent-kart-1.12750747
  3. Jf. Seljumannamesse på Bokmålswikipedia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.