Selje kommune
| Selje kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1441 |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Adm.senter | Selje |
| Areal | 235 km² |
| Folketal | 2 820 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Ottar Nygård (LL) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.selje.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Selje kommune på Commons | |
Selje er ein kommune i Nordfjord som ligg lengst nordvest i Sogn og Fjordane fylke. Stad ligg i denne kommunen.
Innhaldsliste |
[endre] Kommunikasjon
Snøggbåtsambandet nordover frå Bergen har endestad her. Stadhavet er rekna som eit av dei mest vêrharde havstykka langs kysten av Noreg. Det er difor planar om å byggje skipstunnel mellom Kjødepollen og Moldefjorden.
[endre] Næring
Selje har den største fiskeflåten i fylket og ein godt kjend plastbåtindustri.
[endre] Historie
Selje kloster på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. Det er det einaste norske klosteret som både var helgenstad, kloster og bispesete. Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne. Ho vart seinare utropa til helgen som Sankta Sunniva. Olav Tryggvason bygde ei kyrkje her i 996. Noreg vart delt inn i bispedømma Selje, Nidaros og Oslo i 1068.
[endre] Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Selje kommune frå 1920:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 3622a | 3591a | 3634a | 3680a | 3729a | 3393 | 3376 | 3255 | 3064 | 2821 |
- a Talet omfattar øya Silda, Hagevik-Osmundvåg-området og Sørpoll, som var del av Selje kommune fram til 1964, då desse områda vart overførte til Vågsøy kommune. Dei hadde då 344 innbyggjarar.'
[endre] Kjende folk frå Selje kommune
- Claus Frimann (1746–1829), diktarprest
- Julius Cæsar Hartmann (1885–1969), kunstmålar
- Wald Drageseth (1920–1994), industrimann, hotellmann og politikar.
- Lars Barmen (fødd 1963), kokk.
[endre] Fotnotar
| Kommunar i Sogn og Fjordane | ||
|---|---|---|
| Sogn | Aurland · Balestrand · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Leikanger · Luster · Lærdal · Sogndal · Solund · Vik · Årdal | |
| Sunnfjord | Askvoll · Bremanger · Fjaler · Flora · Førde · Gaular · Jølster · Naustdal | |
| Nordfjord | Bremanger · Eid · Gloppen · Hornindal · Selje · Stryn · Vågsøy | |