Seljord kommune
| Seljord kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0828 |
| Fylke | Telemark |
| Adm.senter | Seljord |
| Areal | 711 km² |
| Folketal | 2 960 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-2011) | Solveig Abrahamsen (H) |
| Målform | Nynorsk |
| Nynorsk i skulen | 87.8% (1. nov 2011) |
| Nettstad | www.seljord.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Seljord kommune på Commons | |
Seljord kommune ligg sentralt i Telemark fylke og grensar i aust til Bø og Notodden, i vest til Tokke og Vinje, i nord til Tinn og Hjartdal og i sør til Kviteseid. Kommunegrensene har vore endra to gonger, fyrst i 1873 då eit mindre område vart ført over frå Kviteseid, seinare i 1883 då eit mindre område vart ført over til Bø.
Administrasjonssenteret i Seljord kommune er tettstaden Seljord. Lokalavisa er Vest-Telemark Blad som òg kjem ut i fem andre kommunar.
[endre] Geografi
Seljord ligg midt i Telemark, omkring Seljordvassdraget og Seljordsvatnet. Fleire dalføre går gjennom kommunen. Flatdal, Åmotsdal og Kivledalen kjem saman ved vestbreidda av Seljordsvatnet, der kommunesenteret Seljord ligg. Mellom dalane ligg fjellet Skorve på 1370 moh.
Busetnaden i kommunen er samla i og ved tettstaden Seljord og i fjelldalen Åmotsdal. Lengst nord ligg eit landskapsvernområde, Brattefjell-Vindeggen, som òg strekkjer seg innetter kommunane Vinje, Tinn og Hjartdal. Det høgste punktet i Seljord er Brattefjell på 1541 moh.
[endre] Næringsliv
Jord- og skogbruk har vore viktige næringar i Seljord, og tilhøva for jordbruk har betra seg då vasstanden i Faltsjø vart redusert. Tettstaden Seljord er eit lokalt handelssenter. Av industriell verksemd kan nemnast trevare- og møbelindustri knytt til skogdrifta, attåt noko næringsmiddel- og verkstadindustri.
[endre] Samferdsle
E134 kjem innom kommunen gjennom Flatdal, og går så sørover til tettstaden Seljord der han møter Rv. 36 frå Bø og Grenland, før han held fram vestover. Telemark Bilruter har hovudkontor i Seljord, og driv eit breitt rutenett gjennom heile Telemark og inn i Aust-Agder til Arendal.
[endre] Kultur
Fesjået Dyrsku'n vart arrangert fyrste gong 1866 og er i dag det største fesjået i Noreg med kring 80 000 besøkjande kvart år. Countryfestivalen i Seljord er òg den største av sitt slag i landet, og vart arrangert fyrste gong i 1999. Kvar juli vert det arrangert Seljordspel, med skodespel, dans, musikk og kunstutstillingar. Granvin kulturhus i Seljord er det regionale kulturhuset for Vest-Telemark, og to museum ligg innan kommunen. Bileti til Eva Bull Holte vert stilte ut på Eva Bull Holtes Museum og Sjøormmuseet gjev informasjon om historiene om sjøormen som held til i Seljordsvatnet.
[endre] Kommunenamn og -våpen
Namnet Seljord stammar frå trenamnet selje og det norrøne ordet gerði, som tyder inngjerda jordstykke. Ein person frå Seljord vert kalla for seljording.
Kommunevåpenet vart vedteke av kommunen 27. april 1989 og godkjent den 15. september same år. Motivet er på raud botn ein gul sjøorm og spelar på soga om ormen i Seljordsvatnet.
[endre] Kjelder
- Seljord SNL. Vitja 18. juli 2010
- Seljord kommune, Telemark Allkunne. Vitja 18. juli 2010
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Seljord kommune
- Vêrvarsel for Seljord - yr.no
- Kommunefakta Telemark - SSB
- Vest-Telemark Blad - Lokalavis i Seljord
- Seljordportalen - Turistinformasjon om Seljord
- Dyrskuplassen i Seljord - Offisiell nettstad for fesjået Dyrsku'n
| Kommunar i Telemark | ||
|---|---|---|
| Bamble · Bø · Drangedal · Fyresdal · Hjartdal · Kragerø · Kviteseid · Nissedal · Nome · Notodden · Porsgrunn · Sauherad · Seljord · Siljan · Skien · Tinn · Tokke · Vinje | ||