Selk'nam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selk'nam-born i 1898.

Selk'nam eller onawo var eit urfolk som levde på Eldlandet, heilt sør i Sør-Amerika. Truleg reiste selk'nam frå fastlandet i nord over Magellansundet til Eldlandet. Dei levde på den nordvestlege delen av Storøya i Eldlandet. Sørvest på øya budde haush-folket. Haush og selk'nam hadde det til felles at dei var innlandsjegerar, i motsetnad til eldlendar-folka alakaluf, chono og yahgan, som levde av havet. Namnet Ona kan brukast som samleomgrep for Haush og Selk'nam, eller som eit alternativt namn på Selk'nam. Språket deira vert kalla ona-språket.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då dei kvite tok til å ta seg beitemarker for sau på Storøya på 1800-talet, trudde selk'nam-folket at sauene kunne reknast som fritt vilt. Dei tok difor til å stela sauer og eta, noko dei kvite sjølvsagt mislikte sterkt. Dette førte til ein langvarig konflikt mellom selk'nam og kvit; mange kvite oppfordra regelrett til å drepa selk'nam og utlova eitt pund for kvar drepne selk'nam. [1] Mange døydde også av sjukdommar dei kvite innførte, og i 1974 døydde Ángela Loij som det siste fullblods-mennesket av selk'nam-folket. Under ei folketeljing i Argentina i 2001 talde ein likevel framleis nokre hundre menneske som rekna seg som selk'nam, anten på Eldlandet eller andre stader i landet.

Grunna mykje kontakt med kristne misjonærar og tidlege kulturforskarar veit me forholdsvis mykje om selk'nam-folket sin kultur, religion og om språket deira. Mykje av denne informasjonen er samla på museumet i Puerto WilliamsNavarino-øya, saman med utstillingar om Yahgan-folket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]