Selma Lagerlöf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selma Lagerlöf måla av Carl Larsson

Selma Ottilia Lovisa Lagerlöf (20. november 185816. mars 1940), best kjend som Selma Lagerlöf, var ein svensk forfattar. Debutromanen hennar Gösta Berlings saga kom i 1891. Ho var ein av dei tidlege deltakarane i den svenske nyromantikken, og fekk som fyrste kvinne Nobelprisen i litteratur i 1909. Lagerlöf var òg den fyrste kvinna som vart innvald i Svenska Akademien.

Innhaldsliste

Liv [endre]

Oppvekst i Värmland [endre]

Selma Lagerlöf vart fødd på herregarden Mårbacka i Sunne kommune i Värmland, og flytte seinare tilbake hit. Dei fleste historiene hennar føregår i Värmland.

Ho var dotter til løytnanten Erik Gustaf Lagerlöf og Elisabeth Lovisa Lagerlöf, fødd Wallroth. Selma Lagerlöf var fødd med ei hofteskade. Tre år gamal blei ho sjuk og lamma i begge bein. Lammelsen gav seg. Saman med syskena gjekk Lagerlöf dei fyrste skuleåra i heimen. Læraren deira kom til gards og underviste. Selma Lagerlöf lærte båe engelsk og fransk. Tolv år gamal skreiv Lagerlöf eit langt dikt om heimstaden Mårbacka og i unge år heldt ho fram med å skrive vers. Fjorten år gamal fekk Selma Lagerlöf fysioterapibehandling i Stockholm.

Utdaning og år som lærar [endre]

Etter skuleåra blei Lagerlöf på Mårbacka nokre år før ho hausten 1882 begynte på lærarutdaninga på Högre lärarinneseminariet i Stockholm. Ho måtte sjølv ta opp lån for å finansiere studiane. I studietida gjekk faren konkurs og garden Mårbacka måtte seljast. Erik Gustaf Lagerlöf døydde i 1885.

Ho underviste på ein jenteskule i Landskrona frå 1885 til 1895. I desse åra budde ho i heimen til tanta si, Kajsa Lovisa Lagerlöf.

Forfattaren Selma Lagerlöf [endre]

Ho skreiv opningskapitla til Gösta Berlings Saga og sende dei inn til bladet Idun som hadde skipa til ei skrivetevling. Ho fekk då tilbod om å gjeva ut heile boka og Lagerlöf skreiv romanen ferdig etter å fått eit stipend av Sophie Adlersparre, som tidlegare hadde grunnlagd det feministiske Fredrika-Bremer-Förbundet. Boka som har vorte ein svensk klassikar, fekk blanda kritikk i den svenske pressa. Lagerlöf braut med realismen som i samtida var den dominerande retninga i svensk littertur. Ho fekk god omtale av Georg Brandes etter at boka var omsett til dansk.

Ho var viktig innanfor den svenske nyromantiske rørsla. I 1895 sa Lagerlöf opp stillinga som lærar i Landskrona. Etter det levde ho heilt på forfattarskapet sitt. I 1894 hadde ho for fyrste gong treft Sophie Elkan, forfattar frå Göteborg. Dei drog på fleire langreiser saman, i Europa, mellom anna til Italia, og til Midt-Austen. I 1897 flytta Lagerlöf med tanta si til Falun i Dalarna. Etterpå skreiv ho boka Jerusalem som førte til eit internasjonalt gjennombrot. I Falun møtte Selma Lagerlöf Valborg Olander. Olander var lærar og arbeidde for røysterett for kvinner.

Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige er ei av dei mest kjende bøkene til Selma Lagerlöf. Boka var opphavleg påtenkt som ei lærebok i geografi for folkeskulen.

Ho engasjerte seg politisk, mellom anna i kampen for røysterett for kvinner. Då nazistane kom til makta i Tyskland, hjelpte ho fleire tyske intellektuelle og kunstnarar å flykta. Under Vinterkrigen gav ho vekk nobelmedaljen sin i gull, for å støtta Finland si sak økonomisk.

Verk [endre]

Lagerlöf sine bøker handla gjerne om bondeliv i Värmland og Dalarna. Unntaka er handlinga i Antikrists mirakler som finn stad på Sicilia og Jerusalem som. Forteljingane hennar var heller romantiske enn realistiske. Ho vevde mellom anna inn gamle forteljingar og historie i det ho skreiv.

Utmerkingar [endre]

Lagerlöf fekk Nobelprisen i litteratur i 1909. Lagerlöf var den fyrste kvinna som vart tildeld litteraturprisen. Ho nytta ein god del av prispengane til å kjøpe attende farsgarden og frå 1909 budde ho igjen på Mårbacka. I 1914 vart Lagerlöf vald inn Svenska Akademien.

Selma Lagerlöf deltok i kampen for kvinners røysterett, mellom anna som talar ved den internasjonale røystrettskongressen i Stockholm i 1911. Politisk var ho organisert liberal. I 1930-åra tok Selma Lagerlöf stilling mot jødeforfølginga i Tyskland.

Død og ettermæle [endre]

Selma Lagerlöf var sjuk og låg medvitslaus ei veke før ho døydde, 81 år gamal den 16. mars 1940. Dødsårsaka var hjernebløding saman med lungebetennelse. Systera, Gerda Ahlgren, mottok eit kondoleansetelegram frå kong Gustaf V kor han kalla Selma Lagerlöf ein av dei største svenske kvinnelege forfattarene. Selma Lagerlöf blei gravlagd påskeaftan 1940 i Östra Ämtervik. Referat frå gravferda blei overført i svensk radio. Reporteren heitte Sven Jerring. Etterfygjaren på stolen hennar i Svenska akademien, diktaren Hjalmar Gullberg, kalla i introduksjonstalen sin Lagerlöf for «dronninga i vår litteratur, den mest namngjetne av svenske kvinner i verda sidan den Heilage Birgitta.»

Portrettet hennar har vore på den svenske tjuekronesetelen sidan 1991.

Verkliste [endre]