Selters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berentsens Club Selters

Selters er eit naturleg kolsyrehaldig mineralvatn, sodavatn, frå landsbyen Nieder-Selters ved Taunusbergen i Hessen i Tyskland. Vatnet og kjelda har vore vidkjende sidan bronsealderen. Drikken var særs populær blant romarane, og ein meiner at det var romarane som gav namn til vatnet. Men dei lærde er ikkje samde om romarane kalte det for «Aqua saltare» (hoppande vatn), eller «Saltrissa» (stigande salt).

Frå år 1787 finst det annalar som fortel at det på verdsbasis vart eksportert meir enn éin million flasker.

I 1999 var produksjonen av selters frå kjelda Niederselters lagt ned. 25 km unna held produksjonen frå kjelda i Selters-Löhnberg fram, og likeeins frå den konkurrerande kjelda i Oberselters.

Ved sidan av å vere ein leskedrikk, har selters vore nytta til helsefremmande bad sidan han vart funnen.

Produkt med same namn kan òg bli framstilt industrielt av vatn tilsett salt (spesielt natriumbikarbonat, «soda») og karbondioksid.

Selters er ein viktig ingrediens i drinken pjolter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]