Selvagensøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selvagensøyane
Lokalt namn: Ilhas Selvagens
Rev ved Selvagem Pequena
Rev ved Selvagem Pequena
Geografi
PT Selvagens.PNG
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 30°04′N 15°56′WKoordinatar: 30°04′N 15°56′W
Tal på øyar 3, i tillegg til fleire småøyar
Store øyar Selvagem Grande, Selvagem Pequena
Areal 2,73 km²
Høgaste punkt Pico da Atalaia
Administrasjon
Land Portugal
Autonom region Madeira
Kart over Selvagfensøyane.

Selvagensøyane (portugisisk: Ilhas Selvagens; spansk Islas Salvajes) er ei lita øygruppe i Nord-Atlanteren om lag halvvegs mellom Madeira og Kanariøyane. Øygruppa består av to store øyar og fleire småøyar, og er den sørlegaste regionen i Portugal.[1]

Selvagensøyane vert administrert av kommunen Funchal og vert rekna som eit naturreservat. Det er to reservatsoner, ei på Selvagem Grande og ei på Selvagem Pequena.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Selvagensøyane er ein del av Makaronesia i Nord-Atlanteren nær Europa og utanfor kysten av Marokko i Nord-Afrika. Øygruppa ligg om lag 230 km frå Madeira og 165 km frå Kanariøyane. Det totale landarealet er 2,73 km². Øyane er omgjeve av farlege rev, og det er berre mogeleg å gå i land enkelste stader. Det er ingen ferskvasskjelder på øyane.

Øygruppa består av to øyar og fleire små øyar fordelt på to grupper som ligg om lag 15 km frå kvarandre.

  • Nordaustgruppa - Selvagem Grande og tre småøyar: Ilhéu Sinho, Palheiro do Mar og Palheiro da Terra.
  • Søraustgruppa - Selvagem Pequena, Ilhéu de Fora og ei gruppe holmar som berre vert kalla Ilhéus do Norte.

Som med alle øyane i Makaranesia er Selvagensøyane av vulkansk opphav. På dei større øyane finn ein utdøydde vulkankjegler, som fjellet Atalaia på Selvagem Grande. Andre toppar er Tornozelos og Veado.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor som tyder på at øyane har vore kjend i lang tid. Dei vart først teikna inn på eit venetiansk kart av Pizzigani-brørne frå 1367[2].

Kanariøyane vart vitja av europeiske eventyrarar sidan 1300-talet og etter kvart erobra av Spania. Dei vitja derimot ikkje Selvagensøyane som vart rekna som ubuelege. Det var først då portugisarane byrja å utforske verda at folk gjekk i land på Madeiraøyane.[3]

Staden er i dag på UNESCO si verdsarvliste og er busett av to personar som passar på naturreservata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. UNESCO si verdsarvside om «Ilhas Selvagens»
  2. Albuquerque, Luis og Vieira, Alberto, The Archipelago of Madeira in the 15th Century, Funchal, Centro Estudos História Atlântico, 1988
  3. Carvalho, Luis og Leitão, Nuno, A Noção "Estratégica" das Ilhas Selvagens (på portugisisk)