Sem hovudgard i Tønsberg

Koordinatar: 59°17′26.556″N 10°23′12.426″E / 59.29071000°N 10.38678500°E / 59.29071000; 10.38678500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For Sæheim hovedgård i Alversund i Lindås i Hordaland, sjå Seim hovudgard. For Sem hovudgard i Asker kommune, sjå Sem Gjestegard.

59°17′26.556″N 10°23′12.426″E / 59.29071000°N 10.38678500°E / 59.29071000; 10.38678500

Sem hovudgard, òg kalla Sem kongsgard, var ein gammal kongsgard og lensherreresidens der Jarlsberg hovudgard ligg no, det vil seia 3 km nordvest for Tønsberg i Vestfold. Garden vart opphavleg kalla Sæheim, 'sjø-garden', og seinare Konge-Sem.

Namnet Sem kjem av det norrøne gardsnamnet Sæheim eller Sæeimr, som tyder «sjøgarden». Namnet vart opphavleg uttalt sæmm. Ordet sæheim har gjeve namn til fleire gardar i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ved Sem hovudgard rett nord for Tønsberg by ligg den vesle Sem kyrkje, ei steinkyrkje reist tidleg på 1100-talet, antakeleg på same stad som ei tidlegare kyrkje av tre må ha stått. For å verna mot vonde makter har kyrkja ikkje vindauge på nordveggen. I bakgrunnen til høgre vert skimta dagens Jarlsberg hovudgard.

Ifølgje Snorres Harald Hårfagres saga var Sem garden til Haralds son Bjørn Farmann. Bjørn skal ha vorte drepen på garden i 927 av broren Eirik Blodøks.[1] Ifølgje tradisjonen vart Bjørn gravlagt i Farmannshaugen, som er ein stor gravhaug på garden, men utgravingar har vist at han er mykje eldre.

Ifølgje Ågrip (Ágrip af Nóregs konunga sögum) var det på Sem kong Harald Gille utførte jarnbyrd rundt 1125 for å prove at han var son av Magnus Berrføtt.[2] Harald gjorde seinare krav på den norske trona, noko som vart innleiinga til borgarkrigstida i Noreg.

Ved Sem kongsgard vart fylkeskyrkja, dagens Sem kyrkje, reist tidleg på 1100-talet. Før bygginga av Tunsbergshus under Håkon Håkonsson var Sem den staden der kongane på reisene sine omkring i landet har teke opphald.

Garden vart seinare residens for dei kongelege befalingsmennene over Tønsberg len, som heldt fram å driva eigedomen ved hjelp av leilendingar. Den fyrste lensherren ein kjenner på Sem kongsgard, var dansken Erik Ugerup (Urup) som fekk kongsgarden og Tønsberg len mot avgift frå 1524. I 1547 mista Ugerup lenet, som vart overteke av Bent Bille. Han budde på Sem når han var i Noreg, men oppheldt seg elles mest på godset sitt i Sjælland.

Då kongen i København oppretta Noregs andre, og siste, grevskap, Griffenfeldt grevskap, i 1673, overtok Peder Schumacher Griffenfeld Sem hovudgard, som inntil då hadde tilhøyrt kongemakta. Husa og hagen skal ha vore i svært dårleg stand. Greven gav garden namnet Griffenfeldgård som tre år seinare vart omdøypt til Jarlsberg hovudgard. I 1682 brann bygningen på Jarlsberg og nye bygningar av stein vart etter kvart bygd av den nye eigaren, den tyske feltmarskalken Gustav Wilhelm Wedel.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre, Harald Hårfagres saga, kap. 36
  2. Ágrip af Nóregs konunga sögum, kapittel 50

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]